Frustrasjonar
Comments 6

Inkompetanse?

Det er ikkje alltid eg veit så mykje om det som står i avisa, men det som er skrive om her kan eg ganske mykje om.

Reglane for offentlege anbud er svært strenge. Det kan vere vanskeleg å forstå av og til, men reglane er der for å sikre at bruken av offentlege midlar vert gjort så fornuftig og kostnadsbesparande som mogeleg. I tillegg skal det vere rettferdig og «transparent» for dei som er med i konkurransen, ingen forskjellsbehandling, altså.

I dette tilfellet har ein leverandør levert eit tilbod som ikkje var lukka. Eit tilbod som ikkje er lukka kan fiklast med, ein kan fjerne og legge til papir og rote til tilbodet. Difor er det ein ufråvikeleg regel at tilboda skal vere lukka, dei skal opnast med minst to personar til stades og det skal førast ein protokoll frå opninga.

Det er sjølvsagt tragisk at ein leverandør vert avvist på dette grunnlaget uansett, og særleg dersom leverandøren har berre ein kunde. Men i slike tilfelle er det heilt umogeleg å gjere unntak.

Dei i resepsjonen som tok i mot tilbodet burde ha tilbode leverandøren ein teipbit, det gjer våre resepsjonistar. Men i resepsjonen kan det sitte ei securitasvakt, ein sommarvikar eller ein som berre stikk innom slik at dei som eigentleg sit der får ta ein kaffekopp eller spise lunch.

I kommentarane og twingly-lenkene ropar ein på regjeringsskifte på grunn av inkompetanse hos det offentlege. Det finn ein sikkert døme på, men dette er ikkje det. Her har det offentlege gjort jobben sin, avvist eit tilbod som skal avvisast.

Oppdatering: No er ordføraren ute og beklagar seg, utan at han har noko meir å tilføye enn at dei mistar næringstilskotet. Profesjonalisering i norske kommuner er tydelegvis i manko, dessverre.

This entry was posted in: Frustrasjonar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Ja, kva kunne vel ikkje VG funne på om det i ettertid hadde kome fram at tilbodet hadde gått til ein som ikkje hadde fylgd reglane, og som tilfeldigvis hadde vore på same skuleavlutning som sjefen i bedrifta som lyste ut tilbodet ? Og at ei lita familiebedrift, som hadde fylgt reglane, gjekk konkurs avdi dei ikkje fekk tilbodet ?

  2. Så fint at du skrev denne posten! Det er sannelig ikke overvekt av saklige innlegg i disse nettavisdebattene.

  3. hildeG says

    Det er alltid lettere å rope enn å sette seg inn i saken, dessverre ;-). Av media burde man kanskje forlange litt mer enn av tilfeldige twitrere og bloggere.

  4. Baard says

    Selvfølgelig enig. Den politiske inkompetansen viser seg likevel når det snakkes om å konkurranseutsette offentlige kjerneoppgaver, uten at man tar innover seg at dette vil medføre et omfattende arbeid både med gjennomføring av konkurransene og i forhold til kontraktsoppfølging. Samtidig skal man bygge ned det offentlige byråkratiet….?!

  5. Regjeringsskifte på grunn av inkompetanse hos det offentlige? Hvis så er tilfelle skulle et regjeringsskifte da hjelpe? Jo forresten, kanskje. Hvis den nye regjeringen kaster inkompetansen ut av kontorene der slik finnes. Fra kontorfornten kjenner ikke til slikt.

Leave a Reply