Frustrasjonar
Comments 9

Noko så ekkelt!

Tiåringen ville bestemme middag, og for ein gongs skuld vart det ikkje pizza, men fiskebollar. Han dro avgarde til butikken med ein femtilapp i handa, og skulle handle. Eit kvarter seinare var han tilbake med to boksar First Price fiskebollar. Eg var skeptisk, men tenkte at dei skal få ein sjanse.

Då eg opna boksen såg eg med ein gong at her var det noko som ikkje stemte. Bollane var blaute som gjørme! Dei lukta ikkje stygt, men då eg skulle helle av krafta var det veldig lite kraft i boksen, kanskje berre ein halv desiliter. Andre boksen var heilt lik. Eg har sendt ein reklamasjon til unil.no, men har ikkje fått svar. Er det andre her som har tilsvarande erfaring? Er desse bollane alltid så ekle?

IMG_0279

This entry was posted in: Frustrasjonar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. Å, fysjameg! Nei, dette har vi aldri opplevd, men så har vi heller aldri kjøpt fiskeboller av dette merket. Når det gjelder fiskeboller er vi litt snobbete her i huset, og foretrekker Vesterålen sine.

    Dette bør medføre at butikkene fjerner hele fiskebollebatchen fra FirstPrice fra hyllene!

    Hvis det er lenge siden du sendte reklamasjonen, og ikke har hørt noe, synes jeg det smaker av avis-tips.

  2. Eg kjøpte desse fiskebollane ein gong. At dei var så ufyslege som desse, kan eg ikkje hugse, men det vart med den eine gongen. Coop X-tra fiskebollar synest eg er billege å greie. Her i huset er det ein som ikkje skal ha fisk og ein som ikkje skal ha fiskebollar, så til steikt fisk lagar eg gjerne fiskebollar med kvit saus slik at folk kan kombinere.

    Flott at du klagar!

  3. Jeg har også kjøpt disse en gang og aldri mer. De virket noe slappe allerede da jeg åpnet boksen, men da de kom i hvitsausen – ble de bare til en million klumper i sausen. Fysj og fysj.
    Nei, når det gjelder fiskeboller, så kan de bare ha billigutgavene for seg selv.

  4. Har kjøpt en gang, og aldri mer! Enkelte varer fra First Price er helt ok, mens mye er ubrukerlig synes jeg

  5. Æsj, det så ikke noe serlig delikate ut nei;(

    Kjøper ikke First Price varer i det hele tatt.

    men du så heldig du er som har en som er villig til å shoppe for deg,) nattaklem

  6. Denne posten har fått etterspel, eg fekk eit brev i posten her om dagen. Unil, som produserer desse fiskebollane sendte meg eit brev der dei takka meg for å ha sagt ifrå, det gjorde at dei hadde fått vite om ein produksjonsfeil som dei ikkje visste om frå før. (Det syns eg jo er litt utruleg, men la gå.) Dei la ved eit gåvekort på 200,-, som no er brukt til innkjøp av – parfyme. 😉

Leave a Reply to Alt godtCancel reply