Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Noko søtt
Comments 4

Shepherd’s Pie

I dag lagar Heidi Shepherd’s Pie, ein deilig middagsrett som ungane her i huset elskar. Dette er ein kjempefin kvardagsmiddag som alle likar.

Alt godt

Shepherd’s Pie vert mykje brukt i Nord-England. Eg var der på tur no i haust og det er alltid kjekt å lære nokre nye matrettar når ein er ute å reiser. Nord-England er har mange sauer og det er her vi finn Cheviot Hills som er grensa mellom  England og Skottland. Cheviotsauen kjem sikkert frå dette området.

Har du ikkje vore her så har du mykje å gle deg til, og det er fort gjort å ta ferja mellom Bergen og Newcastle.  Du kan prøve denne paien, og likar du han så er det berre å reise til England og få fleire rettar.

Shepherd’s Pie

500 gram kjøtdeig, gjerne frå lam, men eg brukar oftast vanleg kjøtdeig som eg får kjøpt på butikken.

1 finkhakka løk

1 finhakka gulrot

2 ss kveitemjøl

3 dl vatn

2 ss olje

1 ss tomatketchup

salt

pepar

Steik kjøtdeigen på panna og ha i finhakka løk, finhakka gulrot, kveitemjøl, vatn, ketchup, salt og pepar. Surr dette til gulrota kjennast mør. Ho må vere skore i bitte små terningar. Legg denne kjøtblandinga i ei eldfast form. Lag denne potetmosen og prøv deg for all del ikkje med ferdig potetmos.

Heimelaga potetmos

700 gram kokte, skrelte poteter

1 1/2 dl mjølk

35 gram margarin eller smør

salt

pepar

Mos dei skrelte og kokte potetene. Rør inn mjølk, smør, salt og pepar. Legg denne potetmosen på toppen av den steikte kjøtdeigen. Set forma inni omnen på 200 grader i 30 minutt.

Smuldrepai

4 epler.

Deig:

2 dl brødrasp

4 ss sukker

4 ss hakka nøter

40 gram margarin

Skrell epla og stikk ut kjernhuset og skjer dei i båtar. Legg eplebåtane i ei eldfast form og legg smuldredeigen oppå. Den lager du ved å blande alt det tørre og smuldrar inn margarinen. Dette vert ei tørr masse som du legg oppå eplebåtane. Steik paien på 200 grader i 25-30 minutt, til den er pent brun og epla har safta seg og boblar. Server eplepaien med vaniljesaus til.

This entry was posted in: Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Randine says

    Takk for oppskrift!
    Har ikke smakt Shepards pai siden jeg var på Englands første veveri utenfor Manchester for mange år siden og har aldri smakt den siden.

    Lammedeig eller bitte små biter av lammekjøtt kunne friste. Lammesesongen er snart i full gang på på høsten og det er godt utvalg i butikkene.

    Ha en fortsatt fin dag!

  2. Sheperd’s pie er nesten intuitiv, typisk «man tager hva man haver»-mat, og veeeldig godt 😀

Leave a Reply to Britt ÅseCancel reply