Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Supper
Comment 1

Heimelaga fiskesuppe

I dag har Heidi laga ei deilig, heimelaga fiskesuppe. Ho tek vare på bein og hovud når ho lagar fisk, og kokar kraft. Har du det travelt, så putt avskjeret i frysaren, tin det og kok krafta når du har tid, og så kan du ha krafta i frysaren om du vil.

Alt godt

Eg brukar alltid å ta vare på beina og hovudet (fiskeavskjeret) til fisken når eg serverer fiskefilet. Ei fiskesuppe kokt på  kraft vert utruleg god, og det tek ikkje så lang tid heller. Ei fiskekraft skal berre koke i 25-30 minutt. Kokar ho for lenge vert det limsmak av krafta. Denne gongen hadde eg lakseavskjer, og då vart resultatet ei laksesuppe.

Koking av fiskekraft

Gjellar og blod må fjernast før bein og hovud vert lagt i kjelen. Saman med fiskeavskjeret legg du:

1 løk

100 g selleri, rot eller stilkar

2 gulrøtter

2 laubærblad

½ ts svart pepar

1ts tørka timian

1 ss sitronsaft

1 ss eddik

2 ts salt

Del ryggbeinet i to viss laksen er lang. Får du tak i selleri i bunt, så kast for all del ikkje det grøne.  Det er stangselleri i noko forvoksen utgåve, og passar godt til å koke kraft på. Skyll sellerien godt, for å få bort jord og grus.  Ha i alle ingrediensane, og hell på kaldt vatn til det akkurat dekkjer beina.  Kok opp, skum av og la det koke i ca. 25 minutt. Sil krafta frå, kast beina og grønsakene.

I dag har vi brukt laks, men har du fiskeavskjer frå sei, torsk eller andre fiskeslag brukar du same framgangsmåten for å koke kraft.

Laksesuppe

11/2 –2 liter fiskekraft

2 gulrøtter

1 bit sellerirot

Ein purre eller ein liten løk.

2-3 ss crème fraiche

1 dl fløyte

1 terning fiskebuljong

600 gram fisk

Smelt 3 ss margarin i ei stor gryte, rør inn 4 ss kveitemjøl og spe med ca. 2 liter varm kraft.  Får du for lite av den krafta du har kokt, sper du på med vatn. Kok opp medan du rører godt.  Finhakk grønsakene og ha dei i, og la det heile koke i ca. 10 minutt.  Så må du smake deg fram.  No har grønsakene ”sleppt” smaken sin, og resten er opp til deg.  Eg brukar byrje med 1 ts eddik, 1 ts sitronsaft, 1 ts sukker og godt med grovmalt peppar. Så smakar du til med salt.

Etter at suppa er smakt til, har du i ca. 600 gram fisk i terningar. Det kan vere både raud og kvit fisk, alt unntatt sild og makrell er godt i denne suppa. Fisken trekkjer på 4-5 minutt, og då er suppa klar. Velbekomme!

Har du sei eller torsk kallar du naturlegvis suppa for fiskesuppe og ikkje laksesuppe.

This entry was posted in: Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Supper

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Oppskrifta er om lag den same som eg brukar, men somme variasjonar.Pointet er at den skal ha ein fin balanse av søtt, surt og salt. Ein gong fann eg ut at det var godt med små bitar av tørka aprikos (i staden for sylta gresskar som eg ikkje hadde). Det viktigaste er å sette av rikelig tid til middagsluren, for dette er reine sovemedisinen.

Leave a Reply