Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Supper, Veggis
Comments 3

Ei Heidi-suppe til

Heidi er lidenskapeleg glad i poteter, og i dag lagar ho ei lekker potetsuppe.

Alt godt

Du skal få ei oppskrift på ei potetsuppe som eg brukar å lage. Vi har vår eigen potetåker og det er stor stas når vi kan grave fram dei første nypotetene om hausten. Vi et nemleg poteter 365 dagar i året og vi blir aldri lei denne milde gode potetsmaken. Vil eg ha variasjon kokar eg  potetsuppe. Den er svært god, spesielt saman med kvitløksbrød.

Då kjøper eg ein loff, skjer han i skiver og smør ei blanding av margarin og hakka kvitløk på kvar skive. Så legg eg loffen i ei seng av aluminiumsfolie og bakar han i omnen på 225 grader til han vert sprø.

POTETSUPPE

1/2 purre

Fem poteter

1 liter vatn

Ein terning grønsaks- eller kjøtbuljong

2-3 ss crème fraiche eller rømme

2 ss tørka dill eller frisk dill om du har.

70 gram riven kvitost

150 gram skinke – reker eller bacon. Alt etter kva smak du ønskjer.

Rens, skrell og hakk purre og poteter i små bitar. Kok dei møre med buljongterningen og vatn. Det tek ikkje meir enn 10 minutt. Ha i crème fraiche eller rømme. Vil du ha suppa glatt, kan du ta den av varmen når du har kome hit, og køyre den glatt med ein stavmiksar, eller bruk potetstapparen for å få den litt jamnare. Rør inn dillen og riven kvitost.  Bruk gjerne ein ost med mykje smak, som cheddar eller jarlsberg.

Smak om suppa treng meir salt, og kvern peppar over. Til slutt har du i hakka skinke, skrella reker eller litt sprøsteikt bacon. Dei ferdigkutta baconterningane i pakke er fine når ting lyt skje fort.  Spe suppa med meir buljong om ho vert tjukk i konsistensen. Nam!  Denne porsjonen held nok ikkje til meir enn fire svoltne, men den er til gjengjeld lett å doble.  Husk at suppa ikkje skal koke opp etter at osten er hatt i.

Solanum Tuberosum er poteten sitt latinske artsnamn. Dei første potetplantene kom truleg til Norge omkring 1750. Embetsmenn som hadde studert ved universiteta lenger sør i Europa delte opplysningstidas landbruksentusiasme, og ville gjerne vere med å prøve ut den nye planta her heime.

Til Norge kom og mange arbeidarar frå utlandet som tok planta med seg. Så på slutten av 1700 talet var det fleire grupper som ivra for å ta i bruk poteten. Prestane stod på talerstolen og preika entusiastisk om potatos eller kartofler, og dei dyrka poteter sjølve.

Det gjekk rykte om at potet kunne føre til spedalskheit og mange vart skeptiske. Gjennombrotet for potetdyrkinga kom med uåra på slutten av 1700-talet.  Mykje regn og kulde øydela kornhausten og poteten blei brukt som erstatning for graut og flatbrød. Så poteten har vore i hardt ver mang ein gong. Kven veit, kanskje overlever den Fedon-bølgja og. God potethaust!

3 Comments

  1. Denne oppskriften skal jeg prøve. Kanskje med et ørlite glass akevitt ved siden av? – også et godt potetprodukt:-)

  2. Denne suppa vil jeg også prøve! Hadde din «Shepherds pie» til middag i går.krydret litt mer .Veldig bra!

Leave a Reply