Billig mat, Mat, Noko søtt, Sausar og dippar, Veggis
Comments 2

Grøda i hus

Å få grøda frå hagen i hus er ei sann glede. I dag har eg plommer på kjøkenbenken, og lagar ein lett pai.

Når det først er plommeår renn det over. Her hos oss er det plommeår i år, og dei vi får plommer av slit med å bli kvitt dei. Eg melder meg frivillig, og tek i mot det eg får.

I hagebyane i Oslo står det mange frukttre, og du kan lett finne eit skilt som seier at du kan kome og plukke. Mange eldre bur med store hagar, og treng ikkje på langt nær så mykje frukt som hagen produserer. Då støttar eg prinsippet om å dele goda. Mange set også kasser med eple ved porten, slik at dei som ikkje har epletre kan få. Fint, ikkje sant?

I dag har eg altså fått ein balje med plommer frå foreldra til ein kompis, og eg bestemte meg fort for å lage ein deilig pai med krema fyll. Fyllet er lagd med kesam, kremost og egg, og eg gir ekstra smak med vanilje.

Pai er så lett å variere, den kan vere salt og søt, sunn eller syndig, alt etter kva du puttar i den. Eg elskar pai til middag, med asparges, sopp, bacon og løk, eller med kremost, laks, grasløk og dill. Når eg brukar pai til dessert har eg ofte litt sukker i paiskalet, til middag er skalet nøytralt på smak. Du kan altså bruke oppskrifta nedanfor, men dropp sukkeret dersom du skal ha paien til saltmat.

IMG_9520 kopiMange syns det er vanskeleg å lage sin eigen paideig. Eg lærte det tidleg i mi matlagingskarriere, med den svenske matformidlaren Carl Butler si idiotsikre oppskrift.

No har eg lagd det så mange gongar at det går utan oppskrift, men hovudprinsippet er det same: Dobbelt så mykje mjøl som smør målt i gram, og ein liten slump vatn til å binde deigen saman. Denne oppskrifta er passe til ei 20-22 cm paiform.

IMG_9521 kopiNår ein bakar paideig skal ein ikkje bruke mjølet si forklistringsevne i særleg grad, så deigen skal knaast ganske lite. Eg brukar matmølla mi, og har i mjølet først. Så kuttar eg smøret i terningar, og har det oppi. Så køyrer eg matmølla til alt smøret er fullt blanda inn i mjølet.

På dette punktet ser deigen ut som ei grynete masse. Når du så har i eitt par-tre spiseskeier vatn, vil deigen samle seg om kniven, og du kan ta den ut. Eg likar å kjevle deigen ut. Kna den saman til ein klump, og kjevle den ut på godt mjøla bord medan du dyttar den saman når den sprekk i sidene.

IMG_9523 kopiFlytt så deigen over forma, og dytt den nedi. Eg brukar ein liten skarp kniv og skjer kanten av. Så dyttar eg den litt opp att med fingrane, for deigen krympar litt under steikinga. Så stikk eg nokre hol i botnen med kniven eller ein gaffel, for å hindre at botnen blæs seg opp slik den lett kan gjere viss den er tett. For paiar som er veldig våte kan det lønne seg å forsteike botnen noko, men stort sett er det ikkje nødvendig. Ein forsteikt botn blir meir sprø og mindre ”soggy” enn ein der ein har hatt fyllet direkte i paien. Slik lagde eg plommepaien:

IMG_9551 kopiPlommepai

Deig:

250 g mjøl

125 g smør

2 ss sukker

2-3 ss kaldt vatn

Fyll:

200 g kremost naturell

1 beger kesam

4 egg

4 + 1 ss sukker

2 ts ekte vaniljesukker

8-10 plommer

IMG_9526 kopiSett omnen på 190 grader. Ha mjølet og sukkeret i ei matmølle. Skjer kaldt smør i terningar, og ha det i mjølet. Køyr matmølla i nokre sekund, til smøret er finfordelt i mjølet. Ha i vatnet, og køyr deigen til den samlar seg rundt kniven. Ta deigen ut, kna den saman og kjevle den ut på benken til passe storleik. Legg den over forma, dytt den nedi, og skjer av kantane. La den kvile litt.

IMG_9528 kopiBland saman alt til fyllet unntatt plommene og 1 ss sukker med ein miksar. Slå det i paiskalet. Vask og tørk plommene, og del dei i båtar med ein liten, skarp kniv samstundes som du fjernar steinen. Legg dei side om side i eit fint mønster i fyllet. Dytt dei litt nedi.

Steik paien til den er nokolunde fast, steiketida vil variere men eg brukte 40 minutt. Prøv deg fram med å dra paien ut, og dytte forsiktig på fyllet midt på med ei skei. Når den er ferdig skal den vere nokolunde fast, men framleis mjuk. Virkar det som om fyllet framleis er flytande i midten må paien steike lenger.

Server paien med ei kule is og ein plommesaus.

Plommesaus

15 plommer

5-6 ss sukker

1 ts vaniljesukker

Del plommene, og fjern steinen. Legg dei i ei gryte, og ha i sukkeret og vaniljesukkeret. Kok opp forsiktig, og rør jamt og trutt. Når plommene er møre kan du ta sausen av plata. La sausen kolne litt før du køyrer den glatt med matmølle eller stavmiksar.

Legg to-tre skeier plommesaus på ein asjett, legg på eit stykke pai og ei kule vaniljeis. Pynt med eit mynteblad viss du har.

2 Comments

Leave a Reply