Lykke, Musikk
Comments 4

I do music

Eg har ofte tenkt på dette med kven som kjem langt her i verda, og kvifor dei gjer det.  Nokre har ei arbeidslyst og ein ståpåvilje av ei anna verd, og kompenserer for manglande talent med hardt arbeid. Andre er proppfulle av talent, flyt lenge på det, og kan av og til stå i vegen for seg sjølv. Musikaren i denne filmen var eit døme på det siste, iallfall i den tida eg kjende han godt. Men for ein musikar!

Reza kom frå Iran, faren var befal i sjahens hær og måtte flykte med familien sin då prestestyret tok over. Før det hadde dei levd i eit trygt tilvære i Teheran, og både Reza og søstra hadde sine pianolærarar på musikkonservatoriet i Teheran frå dei byrja på skulen. Reza låg under flygelet medan søstra øvde, og slik lærte han musikken. For oss vanlege dødelege er det ein umogeleg tanke, for han er musikken fysisk ein del av han frå han høyrer den. Den renn gjennom han og ut i fingrane på pianoet.

I flyktningleiren spelte han på ein treplanke med tangentar teikna på, og då han kom til Norge var det ikkje lenge før Einar Steen-Nøkleberg på Musikkhøgskulen plukka han opp og såg kva som budde i han. På NMH rota han rundt, fekk det administrative personalet til å rive seg i håret, professorane til å veksle mellom lykke og desperasjon, og jentene til å føle seg som Monica Lewinsky.

No gir han ut plate, den vert lansert i morgon med fest på John Dee. Men han kan så mykje anna enn dette. Han dirigerer Mozart og Fauré slik ingen har gjort det før. Han akkompagnerar opera på Underwater Pub, og spelar i bandet til Noora Noor. Mitt sterkaste minne var ein av dei mange gongane eg sto i koret og song og han dirigerte, vi framførte Agnus Dei av Samuel Barber i domkyrkja her i Oslo. Taket løfta seg, himmelen opna seg og vi mana fram helikoptera frå jungelen i Vietnam inn over Oslo.

This entry was posted in: Lykke, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Så gøy det er å gå på leting i bloggverden. Her var det mye fine innlegg. Så mye variasjon. Gode historier: )

  2. irma says

    Åja,har fantastiske musikkopplevelser med Reza, både på Underwater og med Gli Scapoli i Domkirken og Gamle Aker kirke. Uforglemmelig, takk for påminnelsen 🙂

  3. Svein says

    Steik. Du får sagt det.
    Gler meg til konserten i kveld!

  4. Pingback: Noko av det vakraste XXII « Alt godt

Leave a Reply