Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Sausar og dippar, Supper, Tilbehør
Comment 1

Og så over til noko heilt anna

Heidi har vore på matkurs, og lært om tysk mat av ei som heiter Anne Lore Larsen. Der har ho blitt inspirert til å lage heilt andre typar mat enn det ho lagar til kvardags. Vi har mange ingrediensar felles med det tyske kjøkenet, men vi handterer dei ofte på forskjellig vis.

Alt godt

I dag lagar vi kokt oksekjøt med suppe og salat til. Vi lagar nudelsuppe av buljongen vi får når vi kokar kjøtet. Suppa er forretten, og litt av buljongen brukar vi til sausen. Så lagar vi nokre salatar og ein pepparrotsaus som er heilt nydeleg til kjøt. Vi i er enige med Anne Lore at kokt mat bør få ein renessanse, betre mat finst knappast. – Og så kan ein gjere andre ting medan maten kokar som å lære ungane  å synge. Om resultatet blir like bra som rundt grytene til Anna Lore lovar eg ikkje,  men at maten hennar ”schmeckt gut” er klart.

Tafelspitz/kokt oksekjøt

2 kg oksekjøt, bruk beinfri bog eller høgrygg.

Kok kjøtet i så heile stykke som mogeleg, då vert det saftigast.

Er det mange til bords, slik som vi på Høgskulen i Volda var, så kokte vi  4 kg kjøt til 20 personar. Slå over ca. 1 ½ liter vatn og 1 ss salt per kg kjøt og desse grønsakene:

2 gulrøter

¼ purre

Litt fersk persille

½ sellerirot

1 halv løk med 6 nellikspikrar i.

4 laubærblad

Legg alt i gryta saman med kaldt vatn og kok kjøtet like under kokepunktet slik til du ser at det boblar svakt. Kok i minst 3 timar. Dette er langkokt mat som du ikkje må forhaste deg med. Ta kjøtet opp, la det renne av og pakk det inni aluminiumsfolie for å kvile i 20 minutt. Skjer det opp i serveringsstykke, pakk det inn i aluminiumsfolie igjen og hald det varmt i varm steikeomn til du skal ete det.

Nudelsuppe

Sil buljongen og ha det over i ei ny gryte. Kok han opp, og smak til med rikeleg riven muskatnøtt, hakka grasløk eller persille, salt soyasaus, salt og litt pepar.

Koke glasnudlane i ei anna panne. Du veit glasnudlar er tynnare enn vanlege nudlar. Du avgjer sjølv kor mykje nudlar du vil ha i suppa. Sil vatnet frå nudlane, og klipp dei opp med ei saks før du har dei i. Dette er i grunnen  ei internasjonal suppe du får servert i fleire land, men er og ei tradisjonssuppe der Anne Lore kjem frå. Ho er oppvokst med ei slik søndagssuppe.

Brun saus.

Av buljongen kan du lage ein fin saus til kjøtet. Buljongen rekk både til suppe og saus. Bruk same framgangsmåte som vi brukte sist. Eller du kan lage ei bruning av margarin og mjøl og spe med litt av buljongen.

Raudbetsalat

Kok 2-3 raudbeter

Høvle betene i tynne skiver eller skjer dei så tynt at dei nesten er gjennomsiktige.

Dressing:

Litt salt

1 finhakka løk

Finhakka fersk persille

Kvitvinseddik

Litt olivenolje

Skrubb raudbetene og kok dei med skalet på i vel ein time. Når dei vert kalde skrellar du dei og skjer dei opp i lauvtynne skiver. Anna Lore hadde med seg ein mandolin, ein høvel integrert i ei fjøl som ho brukte til å høvle rødbetane til tynne skiver. For oss som manglar eit slikt reiskap skjer vi rødbetene i lauvtynne skiver. Raudbeta er ei nydeleg grønsak vi burde ete oftare. ( Eg brukar av og til å  raspe ei raudbete i råkostsalaten på same måte som eg raspar ei gulrot, kjempegodt!).

Pepparrotsaus

Har du ikkje laga pepparrotsaus før er det snart på tide!

Bruk 4-5 stykke/kubbar med pepparrot. Ganske mykje altså.

Skrell vekk skalet og få vekk det treaktige. Sjekk kvaliteten på rota før du kjøper ho. Er ho inntørka må du skjere vekk ganske mykje, men ofte ser ho verre ut enn ho er. Skrell ho og riv ho ganske fint på eit rivjarn. Dette tek litt tid, men er verdt kvar minutt. Betre saus til kjøt enn dette skal du leite lenge etter. Det piffar opp heile middagen!

Ha den rivne pepparrota i ei panne og tilsett:

Litt salt

Litt riven muskat

Litt kveitemjøl

Litt kald mjølk

Litt kald fløyte.

Kor mykje du skal ha i av dei ulike ingrediensane er avhengig av kor mykje pepperrot du har rive. Når alle ingrediensane har kome i panna skal det kokast opp under stadig omrøring. Sausen skal ikkje vere for tjukk, men heller ikkje for tynn. Smak på han, han skal ha sterk smak. Du må rett og slett prøve deg fram og finne ein smak du likar. Hugs han er sterk no, men saman med kjøt og grønsaker vert han mildare på smak.

1 Comment

  1. Jeg fikk assosiasjoner til «kjøtt & kjøttsuppe» som min mor laget etter å ha skutt kuen. Det «ser» godt ut! 🙂

Leave a Reply