Billig mat, Heidi, Mat, Middag
Comments 3

Kålhovud, den perfekte grønsaka


I dag hyller Heidi hovudkålen, og den er eg og veldig glad i. Billig, spesielt no i fårikåltida, den held seg lenge, og den kan brukast til masse forskjellig. Ei perfekt grønsak, altså!

Gunda

Å kalle kvarandre for kålhovud er ikkje direkte pent. Eit av mine aller første møte med ordet var då ein medelev i klassa kalla læraren vår for kålhovud. Læraren blei mildt sagt ikkje blid, men kva han gjorde med eleven egnar seg vel ikkje på trykk.

Etterkvart har eg forstått for ei fantastisk grønsak dette er. Å bruke ein ostehøvel for å snitte opp kålen gir lange tynne strimlar som passer perfekt i salaten. Strimlane vert fine og sprø, og gir akkurat passe tyggemotstand. Har du nokon gong prøvd å blande snitta kål og hermetisk mais? Det gir ei god smaksoppleving, og med ein klatt youghurt naturell ved sidan av kan det serverast til all slags mat.

Ein av favorittane mine er likevel steikt kål. Du veit kva eg snakkar om når eg seier kålrulettar. Det er ein gløymd middagsrett som mor mi i si tid var svært stolt over å kunne servere til søndagsmiddagen. Ho pakka spedd kjøtdeig inn i store kålblad og surra ein hyssing rundt. Så bruna ho pakkane på steikepanna før ho la dei inni bakaromnen. Truleg er det derfor eg likar desse heilnorske vårrullane.

Norske vårrullar

Fyll:

400 gram kjøtdeig

7 dl finsnitta kål med ostehøvelen

4-5 ss soyasaus (Kikkoman eller ein annan salt soyasaus)

½ oppskoren purre

1 ts salt

1 ts pepar

Steik kjøtdeigen nesten ferdig og tilsett snitta kål og oppskoren purre. Ha i purren og dei andre ingrediensane etterkvart.

Tynne pannekaker (ca.9 stk)

7 dl mjølk

5 dl kveitemjøl

2 egg

1 ts salt

Bland alt saman og visp det godt. Lag så tynne pannekaker du klarer.

Legg litt fyll på kvar pannekake og rull dei saman. Legg rullane i ei smurt eldfast form og pensle rullane med ei blanding av olje og soyasaus. Strø litt riven ost på toppen.

Steik forma i bakaromnen på 240 grader i ca.10 minutt.

This entry was posted in: Billig mat, Heidi, Mat, Middag

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Mor mi, som var kokk, laga også kålrullettar som ho steikte på panna.Denne framgangsmåten ser ein sjeldan i oppskrifter. Men etter steikinga vart dei lagde i god, brun saus. Det er mange, mange år sidan eg laga kålrullettar no. Men eg hugsar kor godt det var.Elles er eg samd med deg i at kål er GODT!Vi brukar i alle fall altfor lite av denne grønsaken!

    Likar

  2. Kål er dessverre alvorlig undervurdert hos den yngre garde. Det er jo så godt! Dampet, kålrulletter, kålsalat, eller bare å tygge på som et mellommåltid i stedet for eple eller gulerot. Nam!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s