Duft, Lykke, Reise
Comments 13

I Paris

Eg har jo vore innom nokre ungkarshyblar i mi tid, men ikkje trudde eg at eg skulle kome til ein i ”moden alder”. Men her er eg, midt på Montmartre, i det dei engelskspråklege kallar ein crashpad, altså eit husvære der ein berre er innom for å overnatte ein gong i mellom.

Eg er fantastisk glad for å finne ein stad å bu midt i byen, la det vere sagt. Men eg må le over fasilitetane her. Her blir det ikkje laga mykje mat. Brødkniv finst ikkje, og han har eit og same grytelok til alle sine tre gryter! Kjøkenvifte manglar, så det er kanskje like greit at han ikkje kokkelerer så mykje.

Men eg storkosar meg, med fransk ost og fikenmarmelade til frukost, og deilig te som eg drikk frå ungkarens store, raude Canada-kopp. Nokre nydelege Fourrés aux myrtilles har eg funne til, altså kjeks med blåbærmarmelade i midten.

Eg gjekk ein tur til Sacre Coeur i går ettermiddag. Kven har sagt at Sacre Coeur alltid må fotograferast frå framsida? Eg syns den er vakker bakfrå og.

IMG_1179

Det var eit nydeleg kveldslys over Paris i går kveld, og eg var den einaste som stoppa på grønn mann og tok bilde av månen midt på Avenue Haussmann.

IMG_1240

Dette paret her plaga oss på metroen, hans instrument syns ikkje, det var eit ustemt hakkebrett som han spelte på med stor iver. Kona spelte musettetrekkspell. Det låt grusomt, men det såg iallfall ut som dei koste seg. Men som datra mi sa når ho var lita; vi gir ikke penger til de som ikke har øvd!

IMG_1234

I dag har vore ein lang, slitsom og morsom dag. Mange har anbefalt meg å besøke Mariage Fréres, ein berømt tebutikk i Marais-distriktet. Eg dro dit, og koste meg glugg i hel med ein scone og ein diger makron til ein slags lunch. Marmeladen til høgre er lagd på bourbon-parfymert te, den til venstre er lagd på Lapsang suchong. Ein smakseksplosjon!

IMG_1269

Eg møtte ei svensk parfymevenninne som har flytta hit til Paris, og vi dro til den berømte parfymemessa. Den skal eg fortelje meir om seinare, men vi vart oppvarta som prinsesser. Vi fekk vår eigen messeassistent, ein høgreist mann tidleg i tjueåra som følgde oss rundt, og sørga for at vi fekk det vi trengte! Dei kan service, desse franskmennene.

Etterpå rakk vi mange parfymebutikkar, deriblant Collette, der det såg ut som om det var rockekonsert, men det var berre fashion week som hadde show der. Vi var der for parfymen, og fekk lukte på Le Labo og Dior-colognar. Dei siste visste eg ikkje fantest. Byredo hadde dei og.

L’Artisan lanserer Havana Vanille for tida, ei fantastisk duft. Only one picture, sa dama i sjappa. Om det hadde blitt mislukka då? Av og til er dei berre for sære, slike parfymedamer.

IMG_1255

This entry was posted in: Duft, Lykke, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

13 Comments

  1. hildeG says

    Din heldige gris 😀 Altfor lenge siden jeg var i Paris. Og så skulle jeg virkelig ønske at jeg ikke var så elendig dårlig til å snakke fransk.

  2. Elisabeth says

    Jeg har blitt nekta å fotografere bl.a. i tebutikker i London – «the Manager is strict because of security» var forklaringa jeg fikk…! Et annet sted, en klesbutikk, fikk jeg også nei pga at utstillinga og oppsettet var forretningshemmeligheter! (Men ville de merka det om jeg snek meg til et mobilkamerabilde i stedet? Nei…) Har flere slike opplevelser. Tror det er noen butikkmennesker som har sine kjepphester – som vi kanskje har alle, egentlig, på ulike områder? 😉

    Kjempefin reiseskildring uansett, gleder meg til resten!

  3. Hei hei!
    Tusen takk for en kjempehyggelig kommentar i bloggen min 🙂
    Jeg drømmer om å reise til Frankrike og Paris, og nå fikk jeg bare enda mer lyst. Så flott du skriver om reisen, og med levende bilder. Gleder meg til å lese mer om parfymemessen, det hørtes jo ut som en drøm!

    Ønsker deg en kjempefin søndag videre 🙂

  4. Fra kontorfronten drar snarlig til Paris for både jobb og forlystelser. Vi trenger tips til aktuelle parfymebutikker vi bør besøke dersom vi vil dufte godt p våre kontorer utover vinteren. Vi tror du er den rette til å hjelpe oss.

  5. Elysium says

    Tack för en jättetrevlig dag igår! Det ska bli spännande att se dina bilder.
    Jag luktade på min Homage-papperslapp idag, fortfarande lika gudomlig.

  6. For en spennende tur 🙂 Nesa er vel litt sliten nå kanskje? Jeg lurer litt på Paris til våren, da skal jeg notere meg noen av adressene dine, Guerlain også 😉

  7. Ovedia says

    Hallo!!! Så det er i Paris du er 🙂
    Gleder meg til du komme hjem og lukter like godt som altid.

    Klem Fra Ovedia

  8. Pingback: På andre sida av plenen « Alt godt

  9. Pingback: Eit nytt bekjentskap « Alt godt

Leave a Reply