Billig mat, Mat, Middag
Comment 1

Rullemat

No er vi inne i ein stim her i bloggen, der vi rullar mat inn i annan mat. I går fekk du norske vårrullar av Heidi, og i dag får du meksikanske tortillas av meg.

Dette er kjempeenkel mat, særleg dersom du har ståande eit glas av min heimelaga tacomix. Den brukte eg for å få til denne fine laurdagsretten, som gjorde oss alle i godt humør.

Som vanleg må eg kamuflere farlege ting, som bønner og løk. Eg mosar bønnene med ein gaffel, og hakkar løken veldig fint. Då glir det ned hos mine matsære barn. Slik gjorde eg det:

IMG_0795Gratinerte tortillas

Ein stor løk

Tre fedd kvitløk

Olje til steiking

To tortillalefser per person

400 g kjøtdeig

1 boks raude bønner

1 boks hakka tomatar

2-3 ts heimelaga tacomix

1 dl vatn

1 ts spisskummen

200 g riven ost

Sukker, salt og peppar

IMG_0788Set omnen på 225 grader. Finhakk løken og kvitløken, og fres det i ei vid gryte på ganske høg varme. Skyv løken til side, og ha i kjøtdeigen. Steik kjøtdeigen godt, sånn at den er heilt gjennomsteikt.

Hell innhaldet i bønneboksen i eit såld, og skyll av laken den har lege i. Mos bønnene viss du serverer til pingler. Slå bønner og tomatboksen i gryta saman med litt vatn, spisskummen og tacomix. La det heile koke til det er ei tjukk fin røre. Smak til med sukker, salt og peppar.

IMG_0793Legg lefsene ei og ei i ei eldfast form, og legg eitt par skeier saus inn i kvar av dei. Rull dei saman, og la dei ligge tett i tett. Har du litt saus att kan du ha den på toppen før du har på den rivne osten. Gratiner det heile i 10-15 minutt, til det har fått fin farge.

Server med rømme, ein god salat og noko godt å drikke. Ha ein fin laurdagskveld!

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. solfrid says

    Hm. Hvilken god lørdagside. Her var jeg tom for ideer for Syver og meg. Home alone today. Ha en fin lørdag!

Leave a Reply to solfrid Cancel reply