Frustrasjonar, Reise
Comments 7

Paris er ein mann

Paris er mannen eg ikkje kan få. Han let meg få kome til seg, og eg tek meg til rette. Eg får krølle meg saman inntil han, men eg kjem aldri heilt nær. Vi forstår kvarandre ikkje, eg prøver å vere det eg føler eg må vere for å vere god nok, men eg strekk ikkje til.

IMG_9466Han har så mange kvinner å velje blant, som snakkar hans språk, som er meir langbeinte, på høgare hælar, med langt hår fossande nedover ryggen. Når eg er hos han prøver eg å sjå ut som om eg er hans, men han ser meg ikkje. Eg er for praktisk, tenker for fornuftig. Han vil nok ha kvinnene sine meir elegante, meir atteletslause enn eg er.

Den største lukka for meg er å bli spurt om vegen, når andre kvinner spør korleis ein finn fram. Det pustar eld i glørne som brenn i meg etter å vere hans. Men det er berre juks, eg latar som.

Eg kan seie attandez, monsieur, si´l vous plait til mennene som spaserer i sykkelstien, men eg strekk ikkje til i djupe samtalar med innskotne bisetningar, ekvilibristisk vokabular og brennande blikk. Då må eg trekke meg unna, for ikkje å bli avslørt. Eg veit at eg lever på ein illusjon, ein draum som aldri vert oppfylt.

This entry was posted in: Frustrasjonar, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. For en nydelig metafor! For en nydelig historie. Takk for god lesing. Ha en flott dag! -Eirin

  2. Anita K. says

    Presist formulert. Det er en distanse med Paris som gjør at selv franskmenn – ikke parisere, synes den er mer enn en munnfull og passer for noen dagers besøk. 😀

  3. Talentfull dame! Du er utrolig flink til å formidle, jeg er glad du bestemte deg for å blogge 😀

  4. Kristin says

    C’est très bien dit! Les métaphores sont parfaits pour décrire Paris! We’re in looove… Kristin

Leave a Reply to nefertiti Cancel reply