Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Supper, Tilbehør
Comments 9

Høneslakt i Ørsta


Heidi har høner i hagen, og på eit eller anna tidspunkt har hønene verpa ferdig. Då er det ingen nåde, dei må til hønehimmelen, det vil seie i ei god suppegryte. Suppa han også lagast med ein stor rå kylling, då får du kyllingsuppe, verre er det ikkje. Til suppa serverer Heidi deilige valnøttbrød. Dette kan du prøve ut til helga, for dette er fin søndagsmat!

Alt godt

Dei siste åra har vi hatt hagehøns her i Ørsta. Etter at vi fekk hagehøns er hønsesuppe ein delikatesse her i huset.

Hønsesuppe

Bruk ei høne på vel eit kilo. Legg ho i ein stor kjele og fyll på med vatn slik at det dekker høna og tilsett deretter:

1 ss salt

1 laubærblad

1 ts timian

5 kvite peparkorn

1 gulrot

1/2 purre

1 bit sellerirot

2 fedd kvitløk

2 terningar hønsebuljong (som smaksforsterkar)

La alt dette koke i 2 1/2 time. Ta vekk skummet som legg seg på toppen. Kok høna til ho vert mør og kjøtet slepper beina. Då tek du høna opp og legg ho i langpanna som tilhøyrer komfyren din. Den er super å rense høna i.

Plukk kjøtet frå beina medan høna er mest mogleg heil. Deler du høna i mindre bitar har du ikkje så god kontroll over dei små beina.

Eg er uhyre nøye med renskinga, for ørsmå bein skal ikkje vere i mi suppe. Sil deretter krafta for å få ho mest mogleg rein. Grønsakene som du har kokt kraft på har vorte ganske slappe etter all denne kokinga så dei skal ikkje i suppa ein gong til. Men dei er gode å maule.

Jamning:

4 ss margarin

2 ss karri

3-4 ss kveitemjøl

Smelt margarinen i ei kaserolle og fres karri og margarin saman. Rør inn kveitemjølet og spe med hønsekrafta som du no har sila. Du bør passe på å ha 11/2 -2 liter kraft. Har du fått mindre må du berre tilsette litt vatn for å få nok væske. I suppa skal no:

Det ferdigrensa kjøtet i små terningar

Ca 2 dl ris og for all del ikkje hurtigris

2 dl djupfrosne erter eller ferske sukkererter

1 raud paprika i små bitar

Litt timian

Litt oregano

Smak til med salt og peppar. Vil du ha meir karrismak tilset du meir.

Desse valnøttbrøda er gode til suppe, men og til anna mat.

Valnøttbrød

50 gram margarin

1/2 l vatn

50 gram gjær

2 ts salt

2 ts sukker

50 gram hakka valnøtter

250 gram sammalt rug, fin

ca 450 gram kveitemjøl

Smelt margarin og ha i  vatnet. La dette verte fingervarmt, og ha det over i ein bakebolle. Rør ut gjæra og tilset salt, sukker og hakka valnøtter. Ha mjølet i til slutt til det vert ein passe fin deig som ikkje er for laus men heller ikkje for fast. Du skal alltid tilsette det fine kveitemjølet til slutt, slik at du brukar det mjølet til å regulere fastheita på deigen.

Forhev deigen i 30 minutt. Kna ut to avlange brød som du former som to horn. Dei blir ikkje så veldig store. Etterhev dei i 35 minutt og snitt dei på skrå med ein skarp kniv og sikt litt kveitemjøl over dei. Steik dei på nederste rille i omnen på 200 grader i ca 40 minutt.

9 Comments

  1. Trine says

    Kjempefin hønsesuppeoppskrift! Men er det ikke noe som mangler her… Mellom «vi har hagehøns i Ørsta» og «legg ho i ein stor kjele»?
    Hvordan tar Heidi livet av hønene sine? Gjør hun det sjøl? Og hvordan får man alle fjøra av høneskrotten? Snakk om hverdagsmysterier.

    Likar

  2. Heidi says

    Svigerfar høgde hovudet av to av hønene mine. (Eg har 8 att.) Eg tok dei ut i hagen på eit stort bord, og samla ungane rundt meg. Dei skulle få lære om livet på den eitt mål store garden.

    Eg hadde ein liten dametollekniv, og kutta eit snitt på framsida av brystet. Litt vanskeleg når hovudet er av. Men eg prøvde å flekke av fjøra inn til skinnet. Det gjekk utruleg bra. Det er berre å prøve.

    Etterpå delte eg høna i 4, vaska stykka og fraus dei ned. Etter 1 månad haddde eg gløymt alt det utrivelege og laga suppe. Av den andre laga eg hønsefrikassé.

    Det var svært spennande.

    Likar

  3. Denne seansen ser eg for meg! 😉
    Det var litt artig at vi nettopp snakka om hønsefrikassé her om dagen. Eg veit at tamilane brukte å få tak i rimelege høner, og lurte på om det berre er dei som kan og gidd å plukke høner lenger.
    Vi har nok blitt fine på det, og så får vi kjøpt billege frosne kyllinglår og anna kylling, rimeleg. «I gamle dagar» d.v.s. for ca 20 år sidan, kokte vi hønene, smurte dei inn med olje, krydra dei og steikte dei i omnen. Dette syntest vi var betre enn «berre» kokt høne. Krafta vart til saus og suppe.

    Likar

  4. Nesten litt skummelt å komme inn hit på kveldstid en blir jo så frista….

    Og med varmt brød til, digg digg 😉

    ha en fin uke videre!

    Likar

  5. Jeg tuslet inn her i dag for å titte etter kyllingsuppe, jeg mente jo å ha lest denne overskriften, og dessuten regnet jeg med at du hadde noe i arkivet også. Det hadde du jo, jeg fant https://altgodt.wordpress.com/2009/02/20/sikringskost/ Takk for den 😀

    Jeg går på en diett (medisinsk grunn), og denne dietten ble akkurat betydelig innsnevret. Kylling er en av få kjøttslag jeg kan spise. Den sikringskostsuppen kan jeg spise nesten uten endringer 🙂 men denne i denne oppskriften her er det verre med. Så da lurer jeg, vil den bli etanes uten:
    karri (skal ikke ha krydder), kornmel (potetmel ok), margarin, ris og erter/sukkererter/bønner.

    Det er så sabla vrient å finne oppskrifter som er akseptable at jeg ble overbegeistret over den første, også vil jeg jo gjerne ha variasjon da vettu 😉

    Likar

  6. Det var litt av ei ikkje-spise-liste, Anne. Du treng ikkje jamne suppa, dermed kan du droppe margarin og mjøl. Karri er ikkje så viktig, det er eit klassisk kyllingkrydder, men her har du jo oregano og timian etterpå, så det burde gi nok smak.

    Ertene kan du også droppe, du kan supplere med andre grønsaker, som for eksempel purre. I staden for ris kan quinoa vere godt i denne suppa, for å gjere den litt meir «matig».

    Viss du toler tomat kan du ha tomatpuré eller moste tomatar i krafta. det gir deilig smak.

    Likar

  7. Tusen takk for tips. 😀 Flere av utbytterene dine tåler jeg ikke heller, men du har pekt meg i en nyttig retning 🙂
    Dietten min er temmelig begrenset for tiden (langt verre en det jeg har nevnt), men pøttsann, det går seg til over tid, og det er jo masse jeg kan spise det fordrer bare mer tenking enn vanlig mat 😉

    Genialt med sånne matdamer som deg da vettu, så man får litt inspirasjon 🙂

    Likar

  8. Trine says

    Heidi: Takk for fantastisk morsom høne-slakte-info. Jeg har noen års erfaring med flåing av storvilt. Jeg synes det er lurt å ha liten damekniv (kort blad), det gjør det enklere å komme til mellom skinnet og skrotten. Dette gjelder sikkert i enda større grad på så liten skrott som ei høne er!

    Altgodt: Takk og takk for den beste bloggen.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s