Heidi, Noko søtt, Veggis
Comment 1

Noko søtt og godt


Heidi driv med avansert gjærbakst framimot helga, i dag lagar ho farmors wienerkringle. Eg skal lage guttebursdag, så då blir det nok litt enklare kaker enn denne. Men prøv oppskrifta hennar, dette er sånt som er gøy å få til.

Alt godt

Likar du gjærbakst likar du truleg denne kringla. Det er ein kaldheva gjærdeig der smøret/margarinen vert kjevla inni. Det vert nesten som ein wienerdeig. Har du ikkje prøvd å lage ein slik deig før kan det faktisk vere litt artig å prøve. Du kan godt fryse ho og varme ho litt i omnen når du tek ho opp. Då vert kringla som nybakt.

Farmors kringle

2 dl kaldt vatn

50 gram gjær

1 egg

2 ss sukker

2 ss halvsmelta smør eller margarin

ca 400-450 gram kveitemjøl.

200 gram kjøleskåpkaldt smør eller margarin.

Denne margarinen skal kjevlast inni deigen i to omganger og det krevst dermed to gonger med bretting.

Rør gjæra ut i kaldt vatn og tilsett egget. Ha i sukker, halvsmelta smør eller margarin og kveitemjølet. Denne deigen skal no kunne kjevlast ut og må derfor vere litt fast men ikkje hard. Bearbeid han heller ikkje så mykje, då kan han verte seig. Kjevl deigen ut til ein firkanta leiv. Ha rikeleg med mjøl under slik at han ikkje set seg fast i bordet.

Ta smøret eller margarinen ut av kjøleskåpet, det skal vere så kaldt som råd er. (Bruke ikkje soyamargarin, det er for blautt). Høvl smøret med ein ostehøvel og dekk  2/3 av leiven med smørskivene. La den siste nederste 1/3 vere utan smør. No skal leiven brettast i tre og start med den leiven som det ikkje er smør på. Brett han over der det er smør. Så tek du den andre delen av leiven og  brettar han over denne igjen.

Du får ein avlang leiv som består av tre lag. Prøv å brett eit firekanta papir for å øve deg om du no blei litt usikker. Sjølv om smørskivene ikkje blir heilt fine gjer det ingen ting. Du kan og sette smøret litt i frysaren for å få det kaldt. Dess kaldare dess betre. Kjevl deigen på nytt ut til ein firekant like stor som sist og brett på same måte ein gong til. Denne deigen skal ikkje forheve, men du kan la han kvile til du er ferdig å lage fyllet.

Fyll:

200 gram mandlar

200 gram melis

1 eggekvite

Køyr i matmølle med litt vatn til du får eit fyll som kan smørjast utover.

Trill deigen utover til ei lang pølse som du så kjevlar flat. Bredda på pølsa skal vere om lag 25-30 cm brei. Smør på fyllet. Rull deigen saman, og form den til ei kringle. Eg brukar ikkje å legge delane over kvarandre i midten, berre ved sidan av kvarandre. Blir dei liggande oppå kvarandre vert kringla lett litt rå der. La kringla heve i 45 minutt.

Eg klipper kringla på ein spesiell måte. Klipp først ganske små hakk i kringla på utsida og deretter på innsida heile vegen rundt. Toppen blir altså klipt i to rader som går ved sidan av kvarandre..Men du kan og berre klippe små hakk heilt på toppen av kringla utan at det vert to rader av det. Pensle kringla med ei blanding av egg og mjølk og strø  perlesukker og evt.litt hakka mandlar oppå. Steik kringla midt i omnen på  200 grader i 30-40 minutt. Ho skal skal få fin brunfarge når ho er ferdig.

This entry was posted in: Heidi, Noko søtt, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

  1. Det er bare to uker siden min kjære stakk ut med kniv og hodelykt for å hente peppermynte til mojitos’en også! 😉
    Lo godt jeg!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s