Billig mat, Fest, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 3

Ny vri på graskar

No på hausten får ein omtrent kasta etter seg graskar rundt omkring. Dette er ei fin råvare, og eg syns det er synd at vi berre kasta innmaten på desse flotte fruktene.

IMG_2422Eg kjøpte noko eg trudde var eit graskar, men det viste seg at det vert kalla butternut squash. Du ser den midt på dette bildet av ulike graskartypar. På norsk vert den kalla muskatgraskar, på grunn av den aromatiske smaken som kjem fram når det vert varmebehandla. Muskatgraskar har lys «hud», oransje kjøt og nesten ingen smak, som alle sine slektningar. At den ikkje har så mykje eigensmak er berre fint, det betyr at ein kan trikse og mikse som ein vil.

Vi hadde mange til bords i helga, når ein blir elleve er det framleis viktig med alle tanter og onklar, fetrar og kusiner, for ikkje å snakke om besteforeldre og vennar. Eg krydra nokre kyllinglår, som vart delt i to og steikt i omnen, ris og ein salat. Ved sidan av serverte eg desse deilige bakte grønsakene, basert på nykomlingen muskatgraskar.

IMG_2465

Graskaret vart delt i passe store bitar. Så skrelte eg og delte opp åtte gulrøtter og seks løk. Eg la bakepapir i ei langpanne. Så tok eg 1 dl heilt vanleg grillolje i ei skål, du veit den mørke på flaske, Santa Maria, trur eg. Så hadde eg i ein halv dl lønnesirup saman med masse svart peppar.

IMG_2475Normalt ville eg sjølvsagt ha brukt extra virgin, supplert med urter frå hagen og ei velkomponert krydderblanding. Men når ein har mange til bords og tida er knapp får ferdiggrillolje duge. 😉

Eg pensla grønnsakene med grilloljeblandinga, og bakte dei på 180 grader i 50 minutt. Det såg ikkje så stilig ut, men det smakte fantastisk! Du kan bruke denne varianten med ulike grønsaker, eg trur for eksempel at sellereirot, persillerot og søtpotet ville vere kjempegodt saman med graskar.

Eg hadde berre daude kvitløksfedd, viss ikkje ville eg definitivt hatt nokre av dei i blandinga. Prøv deg fram, og sjå om dine middagsgjestar vert like nøgde som mine. Dette er av den typen mat som ikkje ser så stilig ut, men som smakar nydeleg. Ta med eit graskar heim, og prøv denne oppskrifta.

3 Comments

  1. Nam! bakte grønnsaker er i det hele tatt en smaksåpenbaring. Vi har det ofte til grillmat om sommeren, også som bestanddel i middagssalater med pasta og grillet kylling. Åh, nå ble jeg sulten! 😀

  2. irma says

    Denne oppskriften skal jeg jammen prøve-jeg er veldig glad i gresskarmat! Ett tips til knallgodt tilbehør til feks lammestek er salat av bakt gresskar( stek i biter til den er mør i ovnen, 200 grader) som du blander med ruccola, litt hakka hvitløk og smuldret chevre. Dressing til lager du av creme fraiche som du har litt hvitløk og chevre i. Snaddersnask!

  3. Hei!
    Googlet etter oppskrift på ovnsbakt gresskar og fant link til innlegget ditt. Det så virkelig godt ut! Gleder meg til å prøve det ut 😀

Leave a Reply