Fest, Lykke, Veggis
Comments 14

Å lage gresskarlykter

Eg syns at å lage halloweenfest for ungane er gøy, og då høyrer fint utskorne graskarlykter med.

IMG_2558Det er ein amerikansk skikk, men ein må ikkje kaste seg på kjøpebølga med oransje bøtter og godteskåler som lagar skumle lydar for det.

Men graskarlykter er fine, og sjølv om eg ikkje har dyrka mine eigne graskar så føler eg ikkje eg er med på kjøpefesten av den grunn. Det er gøy å sløkke lyset i oppgangen, ha nokre smålys i glas oppover trappa og så nokre skikkeleg skumle lykter innimellom.

Det er ikkje så vanskeleg og tidkrevande som det kan sjå ut heller, dei tre lyktene eg viser her lagde eg i løpet av ein kveld. Du kan lage motiv på frihand, eller du kan søke etter pumpkin carving stencils, så finn du masse fine eksempel.

Eg fann det fine skrekkens hus som du ser øverst i trappa på ei amerikansk nettside, og dei andre to har eg lagd på frihand etter teikningar. Og eg er ikkje spesielt kunstnerisk begava!

Når du skal lage ei lykt er utgangspunktet eit stort, fint graskar. Det treng ikkje vere like vakkert frå alle sider, men det bør ha ei klar og ganske symmetrisk forside. Prisane varierer veldig, eg har sett alt mellom ti og førti kroner kiloen. Når eit graskar veg fem kilo har kiloprisen litt å seie for utgiftene. Innvandrarbutikkane er billegast, no som alltid.

IMG_2429Det første eg gjer er å skjere av loket. Skjer det med kniven skrått innover i graskaret, ikkje rett ned i det.

Den skrå kanten hindrar at loket fell nedi når du legg det på til slutt.

Loket kan også skjerast i mønster.

IMG_2539Det største av mine har eg kutta i stjernemønster. Begynn med å lage to prikkar ovanfor kvarandre passe langt frå stilken.

Lag så to til, nitti grader på dei to første. Så lagar du to til midt imellom dei igjen.

IMG_2542Då kan du lett skjere ei jamn stjerneform ved å kutte skrått inn mot stilken frå kvar prikk.

Ikkje gjer som meg, og kjøp eit graskar utan stilk. Eg hadde eit svare strev med å få loket ut av graskaret. Inni det ligg det nemleg tusen oransje, seige trådar som held loket fast, og eg måtte verkeleg lirke for å få det av. Då er det lettare å ta tak i stilken, og vippe det opp.

Når du så har fått eit fint hol må du grave ut dei oransje trådane og fjerne frømassen. Eg tek det grøvste med hendene, og finrensar med melonkulejern. Eg driv og tørkar og styrer med mine frø, eg skal melde tilbake dersom eg fekk til å lage noko godt med dei.

Når dei oransje trådane er borte går eg laus på fruktkjøtet med melonkulejernet mitt. Du kan også bruke ei isskei dersom du har ei med ganske skarp kant.

IMG_2545Eit gjennomsnitts graskar har fire-fem cm tjukt kjøt, og klarer du å skrape deg ned til to cm er mykje arbeid med sjølve kuttinga spart. Det er mykje lettare å skjere eit pent mønster i graskaret når veggane er tynne. Fruktkjøtet tek du til side, det går an å lage mykje spennande med det.

Når eg finn eit mønster eg kan skrive ut, festar eg det på graskaret med to nåler. Pass på at du plasserer eller teiknar motivet på øvre del av graskaret. Lyset fell finare, og du ser ikkje telyset i «munnen» på lykta dersom motivet sit eit stykke opp på lykta.

IMG_2546Så tek eg den skarpaste gaffelen i skuffen (den var ny…) og stikk med nokre millimeters mellomrom langsmed der eg skal kutte.

Då ser eg lett kvar eg skal føre kniven når eg går i gang med sjølve kuttinga. Sjølve huset har eg farga svart med tusj.

Her som på dei fleste andre område i livet gjer eg det relativt enkelt for meg sjølv, og vel enkle motiv. Det finst motiv som er så sofistikerte at ein må vere heimeverande med hushjelp og kunstutdanning for å få dei til. Har du eit slikt Dremel-verktøy finst det eigne videoar og ikkje minst eigne kuttejern for halloweenmoro. Dit kjem aldri eg, det kan eg love.

IMG_2544Frihandsteikningane mine er endå enklare, standard Jack o» lantern med skråstilte auge og munn med taggete tanngard eller tannfelling.

Eg teiknar på med penn, og har som hovudmål å få det nokolunde symmetrisk.

IMG_2436Ta fram det du har av små knivar, det varierer kva som er godt å bruke. Jobb med kniven innover i graskaret, ikkje nedover eller oppover. Du har betre kontroll når du lar kniven gli innover og så forsiktig i rett retning. Elles kan du fort kutte for langt, og når du har lys i lykta visest slike lange kutt.

Kutt på utsida av pennestrekane, og dytt det du skjer ut inn i graskaret med enden av skaftet på ei tresleiv eller liknande. Skjer gjerne reint rundt opningane viss fruktkjøtet har flisa seg opp, og det ser stygt ut. Vil du at lykta skal vare lenge og ikkje mygle, kan du gni den inn med vaselin både utanpå og inni.

Set lys i lyktene, og legg på loket. Ha ein koseleg halloween!

14 Comments

  1. det er no sabla griseri å lage lykter, men innmari gøy også blir det jo så fint!
    Jeg liker å frihåndsimpe da, men det er nå kjekt å la seg inspirere av alt det flotte som finnes av mønster 🙂

  2. kjersti70 says

    Det er berre din feil, aleine, for nå står det eit graskar på verandaen, og anar fred og ingen fare. Eg har ikkje heilt akseptert denne Halloween-tradisjonen, men forstår at eg ikkje kjem utanom nå når eldste er blitt 6 år og får med seg ting uavhenging av kva foreldre seier og meiner. Her vi bur nå er det visst ingen tradisjon (enno) at barn går «knask eller knep», men ho masar litt om det, så eg trur vi får arrangere ein privat liten Halloween-happening. Vi får besøk av venner med barn i morgon, så då får dei kle seg ut og ringe på døra her hos oss – fnisande vil eg tippe (alder 4-7 år).

    Så derfor, i dag tok eg det skritt å kjøpe eit graskar – berre fordi du hadde blogga om dette, og eg må jo prøve. Går laus med kniven i kveld tenker eg. Middagen i morgon blir indisk lammecurry, og med graskar/spinatcurrygreie som tilbehør. Godt at graskaret kjem til nytte på fleire måtar 🙂

  3. Hihi, eg tek på meg all skuld. Lykke til med festen, curryen og kuttinga, pass på fingrane!

  4. Pingback: Gresskarlykt

  5. Pingback: Halloween! « Alt godt

  6. Her blir det voksent party, så et gresskar bør jeg ha 🙂 Syntes det er moro å lage til disse, selvom de blir ganske enkle 🙂

  7. Margit says

    Bra Gunda, enig i at man ikke trenger å være spesielt kunstnerisk eller kreativ for å lage kule lykter. Leser ikke om du bruker gresskarkjøttet til noe? Er det noe å samle på til suppe, eller garnityr?

  8. Siw Ulvehøj says

    Gresskarfrøa er gode rista, som snacks. Det blir i tillegg påstått at de gir en viss helseeffekt, og er smart å fôre mannfolk med! Innmaten er jo kjempefin til gresskarpai, er nok derfor det er tradisjon i USA.

    • Ja, eg har prøvd å riste frøa, men kanskje det er eg som er dum. Skalet er jo så seigt og fibrøst? Skal du opne dei og pille kjerna ut?

  9. Pingback: Å lage gresskarlykter | Alt godt

  10. Pingback: Glutenfri og laktosefri Gresskarsuppe - lavFODMAP (Low FODMAP)

Leave a Reply