Billig mat, Fest, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 8

Ein deilig potetgrateng

Eg lagde ein aldeles deilig potetgrateng i helga. I den putta eg masse forskjellige sortar ost. Vi har hatt litt selskapelegheit dei siste vekene, så nokre særs aromatiske ostebitar har blitt liggande att og vansmekte. Dei reiv eg opp, og brukte i gratengen.

IMG_2628Ein vellaga sveitser, eit stykke spansk manchego og litt jarlsberg fekk gå i sausen saman med eit dugeleg stykke brie. Brien gjekk ikkje å rive, sjølvsagt, eg berre smelta ostestykket utan skorpe i sausen til slutt. Resultatet vart den deiligaste og mest aromatiske potetgratengen du kan tenke deg.

Eg krydra gratengen med salvie i tillegg til osten, og på toppen strødde eg nokre valnøtter. Kombinasjonen av valnøtter, salvie og ost er fantastisk. Slik gjorde eg det:

IMG_2644Potetgrateng

6 middels store poteter

1 stor gul løk

2 kløfter kvitløk

3 ss smør

3 ss mjøl

8 dl mjølk

3 ss finhakka fersk salvie, eller 2 ts tørka, knust

300 g blanda, riven ost

1 dl hakka valnøtter

Salt og peppar

Set omnen på 200 grader. Skjer potetene tynt, skyll dei og la dei renne av i eit såld. Rens og finhakk løk og kvitløk. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og rør inn mjølet. La det surre litt før du slår på mjølka. Rør godt, og la sausen koke opp. La den småputre i nokre minutt medan du rører med jamne mellomrom.

IMG_2662Rør inn ¾ av den rivne osten og salvien. Spar eitt par salvieblad til pynt viss du brukar frisk salvie. Smak til sausen med salt og peppar.

Smør ei eldfast form med smør, og legg i halvparten av potetene. Slå på halvparten av sausen. Legg på eit nytt lag med poteter, og slå på resten av sausen. Ha på resten av osten og dei hakka valnøttene.

Bak gratengen midt i omnen under folie i 40 minutt. Ta av folien, og bak den i 20 minutt til, til potetene er møre og gratengen har fått ei fin, gylden overflate.

Server gratengen til noko lett mat, for den er svært mektig. Nokre tynne skiver svinefilet, til dømes, eller som vegetarrett til ein god salat. Denne gratengen er like god dagen derpå. Tru meg, eg har prøvd. 😉

8 Comments

  1. solfrid says

    Som vanlig, en fristende oppskrift fra damen;D

  2. Å, det høres deilig ut! Vii laget potetgrateng i helgen med halvparten potet og halvparten jordskokk, det ble også veldig godt. Jeg tror kanskje jordskokker er norsk kjøkkens aller mest undervurderte grønnsak.

  3. Oddny says

    Ser det er lenge sidan du la ut denne..men prøver meg likevel med eit spm..Blir denne sånn «tjukk og god»Altså ikkje rennende melk..om du skjønar?og kor mange er denne berekna til?

  4. Oddny: Ja, spesielt viss du brukar mjølne poteter. Då blir den tjukkare enn viss du brukar kokefaste. Denne porsjonen er nok til fire.

  5. Eg brukar ordet såld om ein grov sil, ein kan til dømes bruke eit pastasåld til å skylle potetene i. Opprinneleg er det vel brukt om det ein siktar korn igjennom. 🙂

Leave a Reply to irene Cancel reply