Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comments 3

Noko av det raraste

Av og til lagar eg skikkeleg rar mat. Det kan byrje med noko som i utgangspunktet virkar heilt normalt, som ein kålsalat.

løk og kålKålsalat er ein billig og fin variant no på tidlegvinteren. Eg dampa kålen og løken lett, slik at salaten får eit meir ”sylta” preg enn vanleg kålsalat. I dag hadde dei ikkje raudkål i butikken, då lagde eg salat med kvitkål og raudløk. Finn du raudkål kan du bytte om, og ha gul løk i salaten. Begge delar er like godt.

Dressingen er noko av det sprøaste eg har lagd, med kvit balsamico, appelsinmarmelade og smør. Her kan du ikkje bruke margarin, det gir ein annan smak og konsistens. Dressingen passar heilt perfekt til dei lettsalta grønsakene, og løftar noko så prosaisk som kål og løk til nye høgder.

Denne salaten er best å servere lun på grunn av smøret i dressingen. Du kan lage den i god tid, og så varme den kjapt rett før servering. Det beste er å halde dressingen i gryta til salaten skal serverast. Lagar du den i god tid bør dressingen varmast litt før du slår den på salaten. Slik gjorde eg det:

salatAppelsinmarinert kålsalat

250 g kål

1 løk

1,5 dl vatn

2 ts salt

4 ss appelsinmarmelade

3 ss balsamicoeddik, gjerne kvit viss du har

3 ss smelta smør

Bland saman appelsinmarmelade, balsamico og smør i ei gryte på svak varme, og rør til appelsinmarmeladen har smelta heilt. Sett til side.

Skjer kål og løk fint. Bruk raud kål viss du har gul løk, og raudløk viss du har kvit kål. Ha kål og løk i ei låg, vid panne, og slå over vatn og dryss på salt. La dette dampe under lok til kålen er mør men framleis litt sprø, ca. tre-fire minutt. La grønsakene renne av før du legg dei på eit fat. Ringle sausen over rett før servering. Server salaten lun eller varm.

Eg har servert denne salaten til kylling og kalkun, den kan godt vere tilbehør viss du skal ha noko som liknar på thanksgiving, for eksempel. Men eg er sikker på at den er deilig til steikt kvit fisk og. Prøv den også til ein schnitzel.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Uhm! det var innovativt. Høres veldig godt ut, og skal prøves ved en passende anledning. I kveld er det smalahove 😀

  2. Pingback: Dei enkle rettane « Alt godt

Leave a Reply to Hanne Cancel reply