Livet
Comments 19

Alle desse dagane

Mannen min har bursdag i dag, og på veg heim frå eit overnattingsbesøk hos ei kjær venninne stoppa eg og kjøpte roser til han. På veg ut døra frå blomsterbutikken såg eg ei dame som kom gåande og som såg ut til å vere i liknande ærend. Det var ei vakker dame, velstelt og flott, mellom femti og seksti ein stad, tenker eg. Ho gjekk veldig sakte, med to stavar til støtte, og eg såg at kvart steg kosta henne mykje krefter både fysisk og mentalt.

Tankane mine rasar avgarde. Kva har ho opplevd? Kvifor kostar dette henne så mykje når eg berre sprett ned av trappa? Er det kreft? Andletet, som lyste av konsentrasjon og innsats, var ikkje skeivt, så slag slo eg frå meg. Men noko alvorleg må det ha vore. Ho såg ut til normalt å kunne ha jogga til butikken, i staden sto ho der med eit fast grep i gelenderet og planla korleis ho skulle forsere trappetrinna.

Regine Stokke ligg og ventar på å dø. Ho er ei flott, heilt alminneleg jente frå Kristiansund som fekk ein ondarta og aggressiv krefttype. No har ikkje medisinane særleg mykje effekt lenger, og ho er livredd og trist over det som skal kome. Midt oppi dette oppfordrar ho lesarane sine til å bli forskarar, gi støtte til forskning på kreft og andre diagnosar, og ikkje minst å gi blod.

Vi blir tre her i huset i løpet av ein månad eller to, og annakvar veke vert eg heilt åleine. Det ligg mykje tenking bak dette, men eg kom til slutt til at livet, alle desse dagane, er for kort til ikkje å le, til ikkje å danse, til ikkje å vere med folk som får ut det beste i deg, og let deg vere deg sjølv fullt ut. Lenge gjorde vi det, men ikkje no lenger, dessverre.

Dette går føre seg på fredeleg og vennskapeleg vis. Bursdagsgåva er ein kosedag for oss alle fire i eit flott badeanlegg, og vi planlegg jula saman. Så er det ut i livet på eigne bein, utan ein strålande flink og ansvarleg handyman, men med von om noko som eg ikkje veit kva er.

IMG_2751

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

19 Comments

  1. Dette var mye sterkt på én gang. Men, slik er det, livet. Det byr på så mangt, og det er klokt, om enn vondt noen ganger, å ikke legge lokk på livsglede og -utfoldelse. Vi har det bare en gang.
    Klem og varme vibber oversendes herfra 🙂

  2. *klem* Noe av det tyngste er å vente. Du er sterk som ikke setter livet på vent samtidig.

  3. Du er ei klok dame, og eg er sikker på at du har ein god og klok mann også. Dette kan sikkert vere eit riktig val; det veit de jo best sjølv 🙂 Eg er glad at de tør å leve i livet, ikkje berre synke ned i likegyldigheten.

  4. Elisabeth says

    Gode tanker kommer fra denne kanten også! Jeg håper dette blir bra for dere alle – men enkelt er det neppe. Syns du forteller det på en fin måte, tydelig men uten at det blir for mye, på et vis.

    Lykke til i din nye tilværelse etterhvert!

  5. Rita says

    Dette var sterk kost ja. Mange klemmer herfra, og lykke til 🙂

  6. Trist å høre, men bra at det skjer i fred og fordragelighet. Håper ting går seg til for dere alle. Stor klem!

  7. RandiF says

    Klem til deg frå meg og. Lykke til med den nye tilværelsen, det går seg nok til, om det ikkje blir så lett….

  8. Det kan være nødvendig å hente frem alt man egentlig kan være glad for når man befinner seg i en slik situasjon. Og tviholde på det innimellom.
    Det går seg til etterhvert, men det er ikke nødvendigvis enkelt. Lykke til.

  9. Arna says

    Jeg har en julerose hos meg som er din – du vet det bare ikke. Du fortalte meg om denne planten en gang, hva den tåler og hvor strålende den står. Dine klare tanker og sterke ord gjør på en underlig måte godt. Jeg tar veldig godt vare på julerosen. Vi sees.

  10. Varme tanker og stor klem herfra også! Det er aldri lett når forhold oppløses, men godt ihvertfall at dere er venner og vel forlikte.

  11. Oisann, sterke saker! Men det går an å få det til. Det går an. Eg er også annakvar veke mamma, og det er ein rar kombinasjon mellom å være aleinemor den eine veka og så totalt fri og frank den andre veka.

    Og ja. Det er ein himmel i forskjell på det å kunne være på talefot og i samme rom og det å legge kvarandre for hat. Stor forskjell, spesielt for ungane. Lykke til!

  12. Det høres ut som om dere gjør det beste ut av en vanskelig situasjon. Og du skriver så fint om det 🙂

  13. annalovinda says

    Det var veldig trist å høyre, eg har sjølv vore i den situasjonen du er no (men utan ungar) og kan berre sei at ting blir lettare når ein endeleg har teke ein beslutning.
    No får me gle oss til mange gode oppskrifter på 1 personars middagar her omkring :o)
    annalovinda

  14. Ingrid says

    Det var leit å høre – jeg håper det blir til beste for dere begge!

  15. Pingback: Matstell i tunge tider « Alt godt

Leave a Reply to LinnemiCancel reply