Duft, Grønt
Comments 7

Nye dufter, og litt om Tuberose – Polianthes tuberosa

Eg var ute på ein bitteliten runde i dag, faktisk var det ikkje ein runde i det heile. Eg var berre innom min faste plass; parfymeavdelinga på Glasmagasinet. Der hadde dei fått inn nokre interessante dufter.

Eg prøvde på meg Eau Mega, den nye dufta frå Viktor & Rolf. Den byrja litt søtleg og rotete, ein del søtleg frukt, men morsomt nok endar den opp med ei elegant, kjøleg inntørking som er prega av sandeltre og musk. Den minner meg om Kenzo Amour Florale, og det er ein kompliment. Om den varer noko veit eg enno ikkje, men førsteinntrykket er positivt.

Men den store overraskinga er den nye duftserien frå La Prairie. Dette er ei av dei mest spennande lanseringane dette året, etter mitt syn.

La-Prairie-Life-ThreadsGold er den enklaste av dei tre, den mest lettlikte. Den er ein krydra floral parfyme, med plomme og tangerin, ei sitrusfrukt med tjukt, aromatisk skal. Under ligg myrra og ulike krydder som gir varme og djupn.

Eg vil tru at veldig mange vil kunne trivast med denne. Dette er ei duft du godt kan kjøpe i gåve, gjerne til ei elegant, vaksen kvinne.

Platinum er ei klassisk chypre-duft, med eikemose/bleiktjafs, patchuli og lær langt framme i duftbildet. Etter mitt syn er dette ei unisex-duft, eg kan veldig gjerne tenke meg å lukte denne på ein mann. Amber og kardemomme gir også varme til denne, men mest av alt er det ei markant duft som eg assosierer med Chanel Cristalle på testosteron.

Silver er den store bomba, med tuberose som hovudnote, saman med ein deilig, skitten, sexy jasmin, ein tørr og rampete vetiver og elegant sandeltre. Denne tek opp stor plass på skrivebordet mitt, sjølv om den berre er på ein liten papirlapp.

Denne har sillage, den tek altså plass når du har den på deg. Ein sprut på ryggen eller bak knehasene er nok passe dosering av denne til dagleg.

tuberoseTuberose er ein note eg slit litt med, den blir for voldsom å gå med på huda for min del. Men eg kan tenke meg at mange av dokke som les om dufter her set pris på denne noten. Dersom du likar Y eller Fracas er Silver definitivt noko du bør prøve.

Tuberose er ein kvit blome med sverdforma blad, og jordknollar som svell ut og er svært aromatiske. Trass namnet er dette ikkje ei rose, det er ei lilje, nær i slekt med påskeliljer. Dufta er karakteristisk, ein grønn floral note som ikkje er skarp, heller fruktig, men ikkje syrleg. Eit hint av honning har den og.

Når den tørkar inn får den eit pudrete preg, og er del av ei lang rekke klassiske damedufter. Eg har allereie nemnt Y og Fracas, eg kan legge til Arpege frå Lanvin, Juicy Couture, Carnal Flower (Frederic Malle) og Poison. Verd å prøve altså, dersom du er komfortabel med tuberose som «din» note.

Til dei hagegale av oss kan eg berre seie at det er mogeleg å få tak i tuberoseknollar i Norge, eg har sett dei både hos Brumunddal frø og hos Hageglede. Men den vil ha 4 månader varm sommar for å blomstre, så den er for optimistar i sone 1.

This entry was posted in: Duft, Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Spennende med de La Prairie-duftene 🙂

    Jeg skjønner ikke helt den tuberose/Y-koblingen. Jeg har ikke funnet noen indikasjoner på at det er tuberose i Y. Har du? Jeg blir jo nysgjerring siden jeg elsker Y og er dypt skeptisk til tuberose 😉

  2. BÅ: Eg tok dette på hukommelsen, når eg sjekkar nøyare kan det hende at eg har blanda Silver og Platinum ift Y, at det altså er Platinum som minner meg om Y. I så fall er det vel vetiver og patchuli som sender meg i den retninga. Viss du får sniffa på Platinum, kan ikkje du oppdatere meg på om det er der det er ein forbindelse? I mellomtida tek eg bort Y blant tuberose-duftene, gode du. 🙂

  3. sol says

    Y: galbanum, gardenia, fersken, kaprifol; rose, jasmin, fiolrot, hyasint, ylang-ylang; eikemose, amber, patchouli, civet, vetiver, benzoin.
    En av mine favorittdufter – og favorittflasker. 🙂

  4. Pingback: Bæsj og Chanel og sånn « Hagen på Hytta

  5. Nå er jeg eier av en Platinum-prøve samt lapper med alle tre. De tar plass på skrivebordet, ja. Det har du rett i 😀

  6. Beskrivelsen av Platinum som Cristalle på testosteron var jaggu ikke verst! 😀 Jeg har den på nå (Platinum), og jeg liker den veldig godt, faktisk.

  7. Gunda says

    er veldig betatt av gold (men redd at det «lettlikte» gjør at jeg kan gå fort lei? både Silver og Platinum har mer særpreg. Hmmm kunne tenke meg alle tre – til forskjellige anledninger. Og JA – Platinum på en mann tror jeg hadde vært utrolig spennende. Kanskje jeg kan smugle en splash på gubben neste gang han orker være med inn på et parfymeri..

Leave a Reply