Jul
Comments 11

Før julematen

Dokke skal  få julematoppskrifter, altså. Men eg syns julematen smakar best nylaga, og dessutan reduserer ein svinnet ved å lage den nær opptil jul. Det blir mindre mumsing i boksane, ganske enkelt.

Det blir julemat i dag og, men til småfuglane. Eg fann nokre fine, små blomsterpotter i keramikk på salg på IKEA, og kjøpte med meg ei ladning. Då eg kom heim kom eg til at dei var for små til plantar, og byrja å sjå etter andre bruksområde.

Oppned og fylt med feitt og fuglefrø ser dei liksom ut som små bjeller, der dei heng på trea ute. Du kan godt bruke dei omatt, og fylle på meir feitt og frø når fuglane har fått i seg første runde med fuglemat.

Eg dekorerte pottene først. Det er lettare enn å drive og skulle pynte på dei fulle av feitt. Dekoren er ganske enkelt teikningar i sølvtusj. Eg har fint lite teiknetalent, så eg begrensa meg til stjerner og slagordet God Jul. Har du større talent enn meg så er det berre å ta han ut her.

Som feitt brukte eg vanleg delfiafeitt. Eg lot det ligge på benken over natta, slik at det vart mjukt og fint. Så hadde eg det i ein bolle, og knadde inn ei god ladning solsikkefrø. Her finst det mange forskjellige blandingar, så ta det du finn. Har du solsikker som har vore i hagen kan du tørke frøa og bruke dei.

Ta ein lang tråd i eit solid materiale, noko hyssingaktig, og legg tråden dobbelt. Ha endane inne i potta. Knytt ei fyrstikk nederst der du har dei to endane. Dytt tråden og dermed fyrstikka tilbake i potta slik at den ligg midtvegs i potta. Dytt feitt inn på eine sida. Vipp potta rundt, og dytt feitt inn på andre sida og. Dette må du gjere for å få fyrstikka og dermed tauenden midt inne i feittet. Dyttar du feittet rett ned i potta utan å stappe det rundt tauet og fyrstikka dett feittklumpen lett ut når den vert hengt oppned.

Pakk klokkene fint inn, gjerne med ein plastpose innerst, slik at dei ikkje set flekkar med smeltande feitt viss dei vert liggande slik at feittet smeltar.

This entry was posted in: Jul

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

11 Comments

  1. Bente says

    For en utrolig god ide! Dette må jeg prøve! 🙂

  2. Super idé. Jeg har slike småpotter liggende i hobbysakene. De ble nok innkjøpt mens jentene var små, med det for øyet at vi skulle lage hyllenisser med dinglende bein. Det ble aldri gjort, og nå vet jeg presis hva krukkene skal brukes til. Tusen takk for tips og oppskrift.

    Jeg venter også litt med julebakst og konfektlaging, for å hindre at jula (og jeg) siger ut. 🙂

    Pludrehanneklem

  3. Kjempegod idé. Eg har ein mann som gjer ALT for småfuglane, så no har eg eit prosjekt til han.Han har laga mange underlige anordningar til fuglemat som ikkje er på langt nær så dekorative! Takk for tipset.

  4. DER var løsningen ifht utdetting, ja. Knall! Den hyssingen var veldig julete, hvor har du fått tak i den?

  5. Ellen says

    Virke som en kjempe kjekk ide, lurer på hvordan det gikk klarte fuglene å spise maten. Og hva tenker du er dette et prosjekt barn i alder 3-6år kunne gjort?

    • Ja, fuglane heng i dei ru pottene, og klarer fint å spise fuglematen. Dei kan spise opp-ned om det er mat der. 🙂 Eg trur definitivt at 3-6-åringar kan gjere dette, med litt hjelp.

  6. Pingback: Gåveidéar | Alt godt

  7. Pingback: Tips til heimelaga julegåver | Alt godt

Leave a Reply