Jul, Lykke
Comments 6

Meir juledill

I dag tenkte eg å inspirere deg til å lage dine eigne pakkelappar. Det er både enkelt, koseleg og ein fin måte å få brukt opp papirrestar på. Det skal ikkje så mykje til for å lage ein fin til- og fra-lapp.

Eg fann ein butikk, Steffens hobby i Kongens gate i Oslo, som har ei utstansingsmaskin du kan låne per halvtime. Dei har fine utstansingsmalar som stansar ut pakkelappar av papir. Stort sett brukar eg 160 gram papir til dette.

Som du ser har eg dekorert med utstansa stjerne og hjarte. Eg likar å jobbe med litt utradisjonelle fargar. Eitt år var alle julekorta våre brune, lyseblå og rosa. Dekoren på lappane over her er at det same rosa og lyseblå papiret.

Som du ser brukar eg også papirstrimmelen som eg stansa ut frå. Rundt stjernene og langs kantane har eg dekorert med gullpenn.

Men eg gir meg ikkje med dei eg får stansa ut. eg tek vare på papirlappen dei vart stansa ut frå, limer den på eit nytt ark, og klipper rundt. Då får du den typen lappar som du ser til høgre her.

Englemotivet og hjarta til høgre  har eg stempla på med kvit stempelfarge, og framheva enkeltdetaljar med glittertusj og andre pennar.

Her er eit anna døme på «annleis» julefargar. Eg fann det gammelrosa papiret i ei tilbodskorg. Det hadde stjernemotiv, så eg syntest det passa fint som julenattshimmel.

Trea stansa eg ut med ein stansar eg har kjøpt sjølv, den til høgre, og ein som eg lånte i butikken. Englane er stempla på, den eine med kvitt og den andre med eit klassisk raudt kontorstempel. Til slutt fekk kjolen og stjerna litt gulltusj på seg.

Dei siste lappane lagde eg av restane av julekorta våre, som måtte kuttast litt for å få ei fin kvadratisk form. Strimmelen som vart til overs delte eg i tre, og klipte skrått inn slik at den ser «ferdiglaga» ut.

Her har eg stempla på God jul med gullstempelfarge, og hjarta er stansa ut, eit større og eit mindre. Så har eg limt dei oppå kvarandre og til slutt på ein kvit firkant med litt gull i papiret.

Gullstjernene på den midterste lappen er også limt på ein liten rest av det fine papiret med bladgull i. Det kjøpte eg på Norli bokhandel.

Snøfnugga på lappen lengst til venstre stansa eg ut med ein utstansar som eg lånte i butikken i vanleg kvitt papir, og stjernene er slike som du drysser på bordet på nyttårsaftan.

Du kan seie at det tok litt av. Når eg først hadde byrja klarte eg ikkje å stoppe med å lage pakkelappar. Så eg trur vi har for nokre juler framover. Eg blir så ivrig skjønar du, når eg først går i gang. Puh…

This entry was posted in: Jul, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Maiblomst says

    Dei var flotte! Mange gode tips her. Eg har ein flott hobby og malebutikk 5 min gåtur unna. Det er farleg å gå inn der:-D

  2. Kunsten er vel eigentleg å bruke det ein har. Det var difor det vart rosa og lyseblå julekort. Litt shopping har eg gjort, men eg prøver å ha bremsene på.

  3. Ah! Takk for inspirerande bilete! Har ikkje komme så langt som til pakkelappane endå, men det står på lista over hyggelege ting å gjere i adventa 🙂

  4. Pingback: Førjulstid og førjulskos « Alt godt

Leave a Reply