Allergi, Billig mat, Fest, Heidi, Noko søtt
Comments 2

Tradisjonell julemat

I dag får du nokre tradisjonelle matoppskrifter frå ne Heidi. Havrekjeksa hennar er kjempegode, og lettlagde. Server ost til dessert eller til ein buffet i jula, og ha heimelaga havrekjeks som tilbehør. Krumkakeoppskrifta er sikker som banken, og krumkakene passar perfekt både til dessert og til kaffen.

Alt godt

Mattradisjonar er svært konservative. Smak, lukt og det sosiale fellesskapet rundt mat og måltid er ein del av identiteten vår. Flytter vi utanlands klarer vi stort sett å tilpasse oss landet sine matvarer til kvardags, men til høgtidene finn vi tilbake til lukter og smakar som vi opplevde i barndomen.

Ein vestlending vil helst ha tørka dampa fåreribbe til jul. På den måten markerer vi ein synleg forskjell mellom oss og dei, samstundes som vi klarer å oppretthalde vår eigen identitet. Mat blir eit markeringsobjekt.

Kanskje det er denne mekanismen som får oss til å søkje attende til gamle matskikkar og tradisjonar. Det opprinnelege vert viktig for oss i ei tid der raske løysingar ligg til hende, og vi kan få ferdigmat på 10 minutt. Kanskje er dette årsaka til at eg i år har bakt krumkaker og hardevafler. Eg viser mine eigne ungar at dette var julekakene i Sølmongarden. Berre ein liten skilnad, bestemora mi hadde ei så stor oppskrift at ho fylte ei 15 liters meierispann med hardevafler.( Så mykje veit eg ikkje om ho bakte til jul, men til slåttonna gjorde ho visst det ifylgje tanta mi)

Krumkaker

2 egg

1 kopp sukker

1 kopp smelta margarin

1 kopp kveitemjøl

250 g havregryn

1/2 kopp vatn

Pisk eggedosis av egg og sukker. Tilsett dei andre ingrediensane i rekkefylgje. Rull krumkaka rundt pinnen medan ho enno er varm. Lurer du på kor stor kopp du skal bruke? Eg brukte ein kopp som tok 1.2 dl vatn.

Kakevafler /Hardvafler ( Dette er og vafler for den som har cøliaki.)

2 1/2 dl sukker

4 egg

250 gram margarin

7 dl (1 pakke) potetmjøl

3 ts bakepulver

Pisk egg og sukker til ein eggedosis. Smelt margarinen og rør inn. Tilsett deretter dei andre ingrediensane til slutt. Hugs å smelte margarin og pensle jarnet mellom kvar gong du steiker ei kake. Dei har lett for å sette seg fast i enkelte vaffeljarn.

Havrekjeks

250 gram smør eller margarin

50 gram sukker

2 1/2 dl kald mjølk

250 g havregryn

ca 80-100 gram kveitemjøl

3 ts bakepulver.

Smelt margarin/smør og rør inn sukkeret til det vert oppbløytt. Ha i den kalde mjølka og slå dette over havregryna. Lat dette stå natta over. Då knar du inn mjøl og bakepulver. Kjevl deigen ganske tynn og stikk ut kjeks med ein metallring frå eit norgesglas. Hugs å ha godt med mjøl på bakebordet slik at dei ikkje set seg fast.

Prikk kjeksa med ein gaffel før steiking. Vert dei ikkje sprø har du steikt dei for kort. Steikast midt i omnen 210 grader i 10-15 minutt til dei har fått ein fin lysebrun farge.

2 Comments

  1. Heidi har meldt tilbake, 250 g skal det vere. No har eg korrigert oppskrifta. Takk for at du sa frå!

Leave a Reply