Fest, Jul, Mat, Noko søtt
Comments 5

Fleire søte favorittar – franske pepparkaker og plettar

I dag får du to nye kakeslag, begge er blant topp sju her hos meg. Både dei franske og plettane er fast med i boksane som eg kvart år returnerer til venninna mi fylt med gode saker. Her i huset lagar vi dobbel porsjon, det er koseleg å ta med nokre kaker når ein besøker nokon i førjulstria. I fjor fekk frisøren min pepparkaker rett før jul, det var suksess. Slik gjer du det:

Franske pepparkaker

250 g smør

125 g lys sirup

1 dl kremfløyte

250 gram melis

100 g hakka mandlar

400 g kveitemjøl

1 ts bakepulver

1 ts kardemomme

1 ts kanel

2 ts nellik

Bland alt i første del i ei gryte, og la det koke opp medan du rører. Set gryta i kaldt vatn og rør innimellom til massen er lunken.

Bland alt det turre, ha i mandlane, og rør alt saman i ein bolle med sleiv.

Ta fram ei brødform, ca. 2 liter, og ein rull plastfolie. Dra ut to lengder folie, og fordel røra på dei to lengdene. Saml saman folien slik at røra vert forma som ei pølse, og legg pølsene side om side i brødforma. Sett forma i kjøleskapet slik at røra stivnar.

Etter tre-fire timar (eller dagen etter) kan du ta fram ei og ei pølse, og skjere den i skiver som er ca. ein halv cm tjukke.

Legg skivene på bakepapir på steikebrett, og steik ved 175 grader i ca. 10 minutt.

Desse kakene er ikkje mykje å sjå til, men smakar fantastisk. Desse kakene er nok typisk voksenpepparkaker, utan Non-Stop og melisglasur. Margarin er bannlyst til desse kakene, det må vere ordentleg smør.

Plettar

7 eggekviter

225 g sukker

250 g smør

200 g kveitemjøl

2 ts vaniljesukker

Korintar

Stivpisk eggekvitene. Rør smør og sukker lyst og luftig.

Bland mjøl og vaniljesukker, og vend inn i sukkersmøret vekselsvis med eggekvitene.

Sett ei toppa teskei røre på bakepapir på steikeplata, det går ca. 16 kaker på eitt brett. Kakene flyt utover, så ha god plass rundt kvar kake.

Plettar i omnen og på benken

Legg tre korintar på kvar kake, og steik i 5 minutt på 225 grader.

Det skal vere tre korintar på kvar kake, ikkje meir og ikkje mindre. Fire korintar per kake er sløsing, har du to per kake er du gniten (vinkar til Gerd :vink:), ifølge opphavskvinna til denne oppskrifta. Dette er presisjonskaker, der ein omtrent må stå og sjå inn i omnen for å forhindre at kakene vert for mykje steikte. Dei skal vere lysegule i midten og svakt lysebrune i kantane.

Legg dei gjerne med matpapirsirklar imellom i kakeboksen, elles kan dei lett klistre seg saman. Kan du regulere over- og undervarme på din komfyr så bruk mest undervarme. Desse kakene er lettetne, og smakar fortreffeleg.

5 Comments

  1. Nei, dei har eg aldri høyrt om. Vi får rope ut i bloggverda, er det nokon som er innom her som veit?

  2. Idun says

    Kan ein bruka matfløyte (ikkje kremfløyte i kjøleskåpet nå)

Leave a Reply