I dag får du to nye kakeslag, begge er blant topp sju her hos meg. Både dei franske og plettane er fast med i boksane som eg kvart år returnerer til venninna mi fylt med gode saker. Her i huset lagar vi dobbel porsjon, det er koseleg å ta med nokre kaker når ein besøker nokon i førjulstria. I fjor fekk frisøren min pepparkaker rett før jul, det var suksess. Slik gjer du det:
Franske pepparkaker
250 g smør
125 g lys sirup
1 dl kremfløyte
250 gram melis
100 g hakka mandlar
400 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts kardemomme
1 ts kanel
2 ts nellik
Bland alt i første del i ei gryte, og la det koke opp medan du rører. Set gryta i kaldt vatn og rør innimellom til massen er lunken.
Bland alt det turre, ha i mandlane, og rør alt saman i ein bolle med sleiv.
Ta fram ei brødform, ca. 2 liter, og ein rull plastfolie. Dra ut to lengder folie, og fordel røra på dei to lengdene. Saml saman folien slik at røra vert forma som ei pølse, og legg pølsene side om side i brødforma. Sett forma i kjøleskapet slik at røra stivnar.
Etter tre-fire timar (eller dagen etter) kan du ta fram ei og ei pølse, og skjere den i skiver som er ca. ein halv cm tjukke.
Legg skivene på bakepapir på steikebrett, og steik ved 175 grader i ca. 10 minutt.
Desse kakene er ikkje mykje å sjå til, men smakar fantastisk. Desse kakene er nok typisk voksenpepparkaker, utan Non-Stop og melisglasur. Margarin er bannlyst til desse kakene, det må vere ordentleg smør.
7 eggekviter
225 g sukker
250 g smør
200 g kveitemjøl
2 ts vaniljesukker
Korintar
Stivpisk eggekvitene. Rør smør og sukker lyst og luftig.
Bland mjøl og vaniljesukker, og vend inn i sukkersmøret vekselsvis med eggekvitene.
Sett ei toppa teskei røre på bakepapir på steikeplata, det går ca. 16 kaker på eitt brett. Kakene flyt utover, så ha god plass rundt kvar kake.
Legg tre korintar på kvar kake, og steik i 5 minutt på 225 grader.
Det skal vere tre korintar på kvar kake, ikkje meir og ikkje mindre. Fire korintar per kake er sløsing, har du to per kake er du gniten (vinkar til Gerd :vink:), ifølge opphavskvinna til denne oppskrifta. Dette er presisjonskaker, der ein omtrent må stå og sjå inn i omnen for å forhindre at kakene vert for mykje steikte. Dei skal vere lysegule i midten og svakt lysebrune i kantane.
Legg dei gjerne med matpapirsirklar imellom i kakeboksen, elles kan dei lett klistre seg saman. Kan du regulere over- og undervarme på din komfyr så bruk mest undervarme. Desse kakene er lettetne, og smakar fortreffeleg.
Du, si meg: har du oppskrift på Huldakaker?
Nei, dei har eg aldri høyrt om. Vi får rope ut i bloggverda, er det nokon som er innom her som veit?
http://www.smegarden.info/34936445
Denne?
Kan ein bruka matfløyte (ikkje kremfløyte i kjøleskåpet nå)
Det har eg ikkje prøvd, men det burde vel gå? Prøv og meld tilbake.