Fest, Lykke, Mat, Middag, Sausar og dippar
Comments 6

Fest i sikte!

No byrjar det å nærme seg, og dei næraste dagane kjem det til å vere så fullt opp med ting å gjere at no gjeld det å tenke klart. Som eg har nemnt tidlegare kjem eg til å kome med forslag til ein nydeleg nyttårsmeny, men det kan hende at det løner seg å tinge enkelte råvarer i god tid.

Menyforslaget mitt kjem til å innehalde andebryst, så gå til den beste slaktaren du veit om, og be han eller henne ta inn det for levering i romjula. Andebrysta vert som regel importert frosne frå Frankrike, så risikoen for svinn og tap er minimal. Skal du mot formodning til Sverige før jul, så kjøp det der. Halv pris… Du kan og kjøpe nokre pakkar frosne bjørnebær og legge i frysen, og så kan du fundere på kva vi skal bruke dei til! Finn du ei vaniljestang på din veg, så kjøp den, del den i to, og skrap ut frøa. Ha frøa og stanga i eit glas med 300 gram melis.  Dette vert verdens beste vaniljesukker, heilt naturleg, og du treng det til nyttårsdesserten din. Det blir berre betre av å bli laga no.

Husk på ein ting når du no byrjar å planlegge jula og romjula: Sidan du er så grei og inviterer til nyttårsfest, kan du med godt samvit ta imot alle invitasjonar til juleselskap utan å føle deg forplikta til å lage eit sjølv. Du lagar nyttårsfest, og det blir ditt løft denne jula.  Å ta med ein koserett til familieselskapet er greitt, men nyttårsfesten blir ditt selskapelege bidrag, så ikkje la romulspliktene tynge skuldrane dine!

Skal du servere alkohol, og det skal ein jo gjerne ein slik kveld, så ta deg fri ein alminneleg tirsdags føremiddag og gå på polet i fred og ro. Då får du god hjelp, og tid til å tenke deg om. Be om ein tørr kvitvin som passar til skalldyr, og ein fruktig raudvin som passar til and og ein syrleg saus. Kanskje du vil ta med deg nokre flasker heim og prøvesmake? Det har du framleis tid til. Å stå i polkø siste dagen før nyttårsaftan er traurig og stressande. Husk på å kjøpe nok Farris viss du skal servere det, og noko anna alkoholfritt. Enkelte vil ha Cola uansett kva dei et, og det får ein berre leve med.

Får du tak i det, så kjøp bordpolstring. Det er ein tynn duk dekka med gummi på eine sida som skal ligge under den ordentlege duken. Den held duken på plass, og reduserer dunking og klirring av alt som blir sett på bordet. Har du eit bord du er glad i, vernar det også bordplata mot hakk og søl underveis. Mål opp om du har nok dukar, og suppler i tilfelle du manglar. Det er berre studentar som har lov til å ha papirduk etter mitt syn, vaksne folk må jobbe litt for saka, og stryke ordentlege tekstildukar. Det kan godt vere laken frå Kid interiør eller IKEA, berre dei er reine, glatte og i ein farge som passar til resten av dekoren.

Midt i planlegging og førjulsmas treng ein noko lettvint å lage til middag i full fart. Her har du ei oppskrift på ein nydeleg sursøt saus, som du kan bruke til strimla svinekjøt, kyllingfiletar eller til kvit fisk. Den er faktisk kjempegod til sei! Eg brukar lage den med kyllingfiletar som eg strimlar, seks filetar (ca. 800 g) må til viss det er ei svolten familie på 4-5 personar. Slik gjer du det:

800 g kyllingfilet, strimla svinekjøt eller kvit fisk

4 ss soyasaus

1 dl hønsebuljong

3 ss tomatpuré

4 ss sukker (gjerne brunt viss du har)

2 ss kvitvinseddik eller eplecidereddik

1 liten boks ananas

1 løk i smale båtar

1 paprika i strimlar

2 gulrøtter i strimlar

Ca. 1 ss riven ingefær (kan sløyfast viss du ikkje finn, eg brukar ferdigriven på glas).

Olje til steiking

Skjer kjøtet/fisken og grønsakene i strimlar. Legg dei i kvar si skål. Varm opp oljen på full styrke på plata. Eg brukar wok, men du kan også bruke ei vanleg jerngryte. Steikepanne fungerer viss du ikkje lagar så stor porsjon. Fres kjøtet/fisken raskt, og legg det til side på eit fat. Steik grønsakene framleis på full varme, gulrøttene først, for dei treng lengst steiketid. Har du ein kålskalk eller ein squash kan du godt ha det i og.

Når du har i løken, har du også i ingefæren, og fresar det heile såvidt mørt. ta opp grønsakene, og legg dei til side på eit fat. Fres tomatpuréen i gryta, gjerne med litt meir olje viss gryta har blitt tørr. Slå i buljongen, og rør ut viss det har lagt seg ved i gryta. Ha i sukker, eddik og soyasaus. Rør ut maisennaen i safta frå ananasen, og rør det i slik at sausen tjuknar. Spe eventuelt med litt meir buljong viss det vert for tjukt. Smak til om det er ein passe balanse mellom søtt og surt. Ha i grønsakene, ananasbitane og kjøt/fisk, og la det bli gjennomvarmt.

Server med ris og ein liten salat.

This entry was posted in: Fest, Lykke, Mat, Middag, Sausar og dippar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Helt enig på dukfronten! jeg kjøpte rulle på loppemarked for noen år siden og den gjorde livet enklere og dukene penere. Apropos bordskånere – jeg bruker tisselaken…Det høres sikkert helt avskyelig ut, men de har riktig konsistens og kan jo kjøpes nye ( man må jo ikke bruke den gamle etter ungenes bleieavvenningsperiode).

  2. Eg brukar desse grå, gummibelagte mattene som IKEA sel til å ha under golvteppe for å halde dei i ro. Men tisselaken er jo genialt, fru Storlien!

  3. Så mange fine festtips!
    Vi feirer bursdag i stor stil tett oppunder jul (21. des) og samler HELE familien til stor frokost, pluss «barne»selskap, i år med tapasoppdekning. Det kunne vel kanskje vært vårt løft i anledning julen, men vi har en tendens til å invitere til både ditt og datt. Heldigvis har begge vi voksne anledning til å ta en ukes ferie i forkant av julen, dermed unngår vi at det hele blir et ork.
    Men skal jeg være heeelt ærlig (våger jeg det på nettet, i full offentlighet?) skulle jeg kanskje ønske at flere tok sjansen på å arrangere og invitere litt innimellom… Dagens «ut av skapet»-hjertesukk.
    Men pytt. Fest er STAS!

  4. Siri says

    Hei,

    det gir meg inspirasjon og ro i sjela å lese bloggen din. Takk for tips!

    God førjulsstri, som slettes ikke trenger å være såååå strevsom…

    Søndag inviterer vi f.eks. 25 Nesoddinger til thaisuppe og litt søtt etterpå.
    Alle ble glade for invitasjon, og ikke er det spesielt «julete» og krevende meny
    heller.

    Vi gleder oss!

  5. Hanne: Enig! Folk burde kaste seg meir utpå, og våge. Slik som Siri over her. Det enkle er ofte det beste. Her har eg ein plan for ein stor fest, men alle festar treng ikkje vere store. Det viktigaste er at menneske møtest og er saman!

    God jul til deg og, Epicureatricen!

Leave a Reply to Alt godtCancel reply