Fest, Jul, Noko søtt, Veggis
Comments 5

Juletrøflar


Trøffel. Smak på ordet. Elegant, aromatisk og tiltalande.

Trøflar er to ulike ting, dei som vert gravne opp av jorda rundt gamle eiketre i Frankrike, og ein spesiell type sjokoladekonfekt. Det er sjokoladekonfekten du skal få lære meir om hos meg i dag.

Sjokoladetrøflar vert lagd ved at du smeltar sjokolade, tilset litt smør og fløte, og i tillegg eit smaksstoff av eit eller anna slag. Eg har eksperimentert på kjøkkenet i det siste, og lagd to typar trøflar som skal serverast som konfekt til kaffien og teen i jula. Utfordringa blir å halde trøflane unna nysgjerrige fingrar, dei kan freiste ein stakkar over evne.

I tillegg har trøflar det aller best når dei vert oppbevart kaldt. Sjokoladen får enno lågare smeltetemperatur når den vert blanda med smør og fløte, og difor bør dei få vere i ein lufttett boks i kjøleskapet fram til dei vert servert. Og du, no når vi nærmar oss jul huskar du på at det er berre kremfløte og meierismør som gjeld, ikkje sant? Trøflar kan ikkje lagast med Soft Soya og kaffefløte, sånn er det berre. Eg brukar normalsalta smør, for eg likar saltsmaken frå smøret saman med sjokoladesmaken. Du vil nok finne kokkeoppskrifter på trøflar som seier at du skal bruke usalta smør, men det blir ikkje like godt, sann mine ord.

Den første trøffelvarianten du får oppskrift på er skogsbærtrøffel. Eg brukte ein pose med blanda bær frå frysedisken. Har du eigne bær i frysaren er det kjempefint. Blandinga eg brukte var med bjørnebær, bringebær, blåbær og rips (har du funne rips i skogen nokon gong, forresten?), men bruk den blandinga du syns er best. Eg blandar og mørk og lys sjokolade. Det er fordi eg kan styre meg for den sterke mokkasmaken i den mørkaste sjokoladen. Likar du mørk sjokolade kan du bruke berre det. Slik gjer du det:

Skogsbærtrøflar

150 g mørk sjokolade

150 g lys sjokolade

300 g skogsbær

60 g sukker

3 ss kremfløte

50 g meierismør

200 g sjokolade til dypping

Pynt i form av strøssel, kakao, melis, bladgull og det som verre er.

Grovhakk sjokoladen. Ha bæra i ei gryte (dei kan gjerne vere frosne) saman med sukkeret. La det koke opp og trekke ei stund. Sil frå frø og slikt, og kok inn safta til du har ca. 1,5 dl bærsaft. Ha det i gryta saman med fløten og den hakka sjokoladen. La sjokoladen smelte i bærblandinga på låg varme medan du rører forsiktig. Det må ikkje koke. Ha i smøret til slutt, og rør det heile glatt. Er det framleis klumpar kan du bruke ein stavmiksar for å køyre det glatt.

Ha trøffelmassen i ei låg vid form, til dømes ei eldfast porselensform. La den stå i kjøleskapet til massen har stivna, gjerne over natta. Bruk ei skei eller eit kulejern og lag trøffelbitar som du syns er passe store. Set bitane på eit brett i kjøleskapet, har du det travelt kan du til og med sette dei i frysaren.

Smelt 200 g sjokolade ei skål som er smal nede og vid oppe. Det gjer det lettare å dyppe trøffelkulene. Varm skåla (og dermed sjokoladen) opp over vassbad. Vassbad lagar du ved å koke opp litt vatn i ein ganske liten kjele, og så set du over ei skål som lok med botnen ned. Då smeltar sjokoladen utan å kome i kontakt med vatn. Får sjokoladen vatn i seg vert den grå og kornete.

Ta ei og ei trøffelkule på ein gaffel, og dypp den i den flytande sjokoladen. Sett kulene på eit bakepapir, og dryss med pynt med ein gong. Når sjokoladen stivnar festar ikkje pynten seg. Sett trøflane kaldt etterpå.

Mokkatrøflar lagar eg av rein kjærleik til mine medmenneske. Eg likar nemleg ikkje kaffi, og dermed blir denne konfekten alt for sterk for meg. Men andre blir lukkelege over mokkatrøflar, og det er vel det jula handlar om, er det ikkje? Å glede andre? Slik gjer du det:

Mokkatrøflar

300 g mørk sjokolade

2 ts pulverkaffi

1 ss kokande vatn

50 g sukker

50 g meierismør

3 ss kremfløte

Mokkabønner til pynt

Hakk sjokoladen fint. (I denne oppskrifta har sjokoladen mindre væske å smelte i, så difor må den vere litt meir finhakka.) Ha smøret og kremfløten i ei lita gryte med sukkeret, 1 ss vatn og kaffipulveret. Smelt det heile forsiktig. Ta gryta til side, og rør inn sjokoladen. Rør det heile glatt.

Desse trøflane brukar eg å sprøyte i plisserte konfektformer. La trøffelmassen kolne litt, men ikkje så mykje som med skogsbærtrøflane. Ha massen i ein kremsprøytepose, og sprøyt den i små former. Pynt dei med ei mokkabønne på toppen. (Eg hadde ikkje mokkabønner oppdaga eg, så eg måtte bruke kakestrøssel. Det vart ganske stilig, det og, syns du ikkje?)

Til slutt tek eg med ei oppskrift på kvit gløgg. Det er ein gløgg basert på eplecider og kvitvin, og har ein lettare, ”vaksnare” smak enn den vanlege raude. Slik gjer du det:

Gløggekstrakt

5 dl eplecider (du kan bytte den ut med eplejuice viss du vil)

3 ss brunt sukker

Fire klementiner

Ein bit ingefær

Ein stjerneanis

10 nellikspiker

To kardemommekjerner

Ein bit kanelbork

Ha eplecideren i ei gryte, og varm den opp. Knus kryddera, og ha dei i saman med brunsukkeret. Del klementinene i to, press ut safta, og ha både saft og skal i gryta. La det heile trekkje på svak varme i ein halvtime. Trekk gryta av plata, og la den stå til den har kolna. Sil frå alt rusket.

Varm opp 2 liter cider og ei flaske kvitvin i ei gryte. Ha i ekstrakten. Smak til om du syns det trengst meir sukker. Server gløggen i pene glas med ei klementinskive som pynt på glaset. Velbekomme!

This entry was posted in: Fest, Jul, Noko søtt, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. hmm… nesten synd at treet må pyntes, nekene henges ut osvosvosv sånn at det ikke blir tid til å forsøke noe av dette i dag.

    Likar

  2. Wenche says

    Oopps, der kom det jammen en oppskrift til i konfektoppskriftsamlingen 🙂

    De skogsbærtrøflene må prøves til neste år – tror de må være kjempegode! I år får det greie seg med Sjokoladetrøffel og Daimtrøffel (i tillegg til de andre 7 forskjellige konfektslagene som er laget).

    Ønsker deg en riktig god jul.

    Likar

  3. Randi M. says

    Mmmmm. Tror sannelig jeg må lage trøfler. Dette ser fristende ut!
    Villrips vokser det flere steder rundt omkring her på yttersida av Senja. Jeg trodde først at det var fugler som hadde sørget for såing etter å ha spist rips i hager, men det stemmer ikke. Villripsbær er mindre enn hagerips. Jeg har en sort villrips i hagen også. Bærene har en mørk, mørk vinrød farge.

    Likar

  4. For et topp resultat med sjokolade er to faktorer kritiske: Sjokoladens kvalitet og temperatur.

    Kakaosmør er et ettertraktet fettstoff fordi det smelter ved vår kroppstemperatur. Kosmetikkindustrien bruker mye av dette. I billig sjokolade er kakaosmøret tatt ut og erstattet med annet og billigere fett. Styr unna slik sjokolade hvis du skal lage konfekt. Hvis det innholdsdeklarasjonen står «vegitabilsk fett», så velg en annen hvor det står «kakaosmør». Av velkjente norske sjokolader er Freia Dronningsjokolade OK, mens Freia Selskapssjokolade ikke kan brukes. Men gå gjerne for noe bedre, f.eks. Valrhona. Kjøp Valrhona hos Jacobs. De selger den i større blokker enn du får andre steder, dermed blir ikke kiloprisen like høy.

    Sjokoladen må først smeltes, men ikke bli for varm (ikke over 55 grader). Blir sjokoladen for varm blir den kornete og ubrukelig. Er den først ødelagt lar den seg ikke redde. Mikrobølgeovn er utmerket til å smelte sjokolade i. (Jeg var en gang på et sjokoladekurs hos Valrhona, og de brukte alltid mikrobølgeovn til å smelte sjokoladen.) Smelt 3/4 av sjokoladen og bland deretter resten inn i den smeltede massen.

    Nå må sjokoladen kjøles ned til den så vidt begynner å krystalisere, hvilket vil si 27-28 grader. Så skal den varmes opp igjen til 30-33 grader. Da er den klar til f.eks. å lage konfekt.

    Likar

  5. Tilbakeping: Gåveidéar « Alt godt

Legg att svar til Wenche Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s