Musikk
Comment 1

Dei 200 beste

Når nyåret nærmar seg går vi inn i listejournalistikkens æra. Då kjem det lister over alt mellom himmel og jord. Denne gongen er det lista over dei 200 beste hjerte-smerte-låtane gjennom tidene, som du finn her. Eg reknar meg som ein hjerte-smerte-låt-ekspert, og syns slike lister er morsomme.

Frå min ståstad syns eg det var lite og feil Stevie Wonder, eg stussa på at dei har teke med My cherie Amour og You are the sunshine of my life, begge up-tempo glade lykkelåtar. Derimot har dei droppa den hjarteutrivande Lately, ein av mine store favorittar. Eg skulle og ynskje at dei hadde med Little Green av Joni Mitchell. Veldig mange fine har fått sin velfortente plass, som til dømes 50 ways to leave your lover og You’ve got a friend. For ikkje å snakke om I’m not in love, ein annan personleg favoritt.

Kva syns du? Køyr debatt! (Og så kan du jo høyre på I’m not in love for å kjenne på stemninga.)

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Åja, den er skikkelig hjertesmerte og sår, altså. Mange av balladene på den listen er jo litt vel spretne etter min smak, men vi er nå så forskjellige, vi menneskene 🙂

Leave a Reply to Britt Åse Cancel reply