Fest, Jul, Livet
Comments 2

Vi er klare!

I ettermiddag kjem slekta, og fåreribba (som enkelte kallar pinnekjøt) ligg i vatn for å bli klar i tide. Seks digre kålrabiar skal bli til stappe, og fem kilo mandelpoteter er klare til koking.

I vasken ved sidan av ligg fire ringar med brudevollmår til tining. Det er alt for lite, but what can one do. Vi får late som om den ikkje finst, og gje ungane pølser.

Eg brukar å la måren ligge oppå fåreribbene den siste timen, då er den dampa ferdig til kjøtet er klart. Når den ikkje ligg direkte i vatnet treng den litt lenger tid, men den misser ikkje så mykje smak når den får ligge slik i fåreribbedampen.

Desserten står på loftet, det er ein deilig karamellpudding som eg lagde på veslejulaftan med eggeplommene som vart til overs etter at eg lagde plettar til naboen (og litt til oss sjølve. ;-))

Det er fint å ha eit stort kaldloft som eit ekstra kjølelager no i jula, der kan vi ha brus, farris, grønsaker og andre ting som ikkje må stå i kjøleskapet. Loftet held 6 grader, så det fungerer fint. Mørkt er det og, så slepp vi grøne poteter.

Ute lavar det ned, sjå snødrevet på vindauget bak rabbene, det renn nedetter glasrutene. Det er stille i huset, det er ikkje så mange i oppgangen som er heime.

Når slekta renn inn seinare i dag vert det livleg. Vi vert åtte vaksne og sju barn. Det er alltid koseleg å møtast til juleselskap sjølv om vi sjåast «heile tida» elles.

Eg huskar når søskena til min far møttest, dei var seks, og med ektefellar og barneflokkar var vi raskt over 20 i juleselskap. Stor ståhei, og det var alltid kjekkast på slutten når vi hadde «tødd opp», og ikkje ville heim.

Slik såg hagen «min» ut i går kveld, vakkert, ikkje sant?

This entry was posted in: Fest, Jul, Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Nydelig. Vi gjorde unna vårt pinnkjøttfamilieselskap med åtte voksne og fire barn til bords i går kveld. Huset «dufter» av pinnekjøtt, men det verste av oppvasken er tatt 🙂 I dag har jeg to plikter: bake en diger focaccia og få den med til «julefrokost» hos noen venner i kveld.
    Ha en fin familiefest!

Leave a Reply to Britt ÅseCancel reply