Livet, Lykke
Comments 4

Noko av det søtaste II

Dette vesenet delar vi hus med i jula. Han (Ja, han er ein fullt utstyrt han) får bu her medan eigaren, som går i klassa til trettenåringen, er i Egypt.

Hannen, som ikkje har namn, oppfører seg som ein fullbefaren fjortis, han søv til langt på dag, vekslar mellom å vandre overlegent rundt og å ville ha kos, og er konstant svolten. Om natta er han heilt propell, og fartar rundt i huset og finn på rampestrekar. I natt velta han dei fine duftlysa som sto på badet ned i badekaret med eit helsikes rabalder. Heile familien sto i sengene, og lurte på kva som hadde skjedd. Spennande netter, altså. Jaja, han har iallfall ikkje byrja ringe og be oss hente seg. Han held seg stort sett innandørs.

Får vi gjestar legg han seg bak fryseskapet og blir der til dei har gått, til stor fortviling for små, søte kusiner som gjerne vil kose med han. Han let seg berre kose med av menneske over 10 år, med god impulskontroll.

Men han er søt som ein blome og, denne katten. I ettermiddag tok eg far i huset på fersk gjerning i å stå og kose med pusen, endå han har vore imot kattar i alle dei åra eg har kjent han. Sjølv birkebeinarar kan mjukne, altså.

This entry was posted in: Livet, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Flott katt. Var det ikke for at mannen i huset er så allergisk, så ville jeg hatt en sånn en 🙂

  2. …og her leser jeg og smiler, samtidig som jeg bare venter på en replikk, ei linje: «Men jeg er ingen pusekatt!» … eller kanskje den ikke helt hører hjemme her? 😉

    Fin pelsdott i alle fall, det er det ingen tvil om. Ta det fra ei over 10 år med meget god impulskontroll i 9 av 10 tilfeller!

  3. søt fjortis! og sant nok, selv de mest hardbarkede birkebeinere kan smelte når små pelsdotter kommer tett inntil…

  4. Ann-Kristin says

    Vakker katt, minner mye om min egen (ikke lenger fullt utstyrte) Tigergutt…

Leave a Reply