Livet, Lykke
Comments 6

Delt lykke er dobbelt lykke

Eg har inngått ein avtale med barna mine; dei får ikkje ting-og-tang-adventskalendrar eller sjokoladekalender, men dei får ei gåve. Ei kalendergåve.

Trettenåringen er i førstedivisjon når det gjeld maskaraforbruk, og fekk Diorshow Black i ei lita toalettmappe med ein eyeliner og ein miniskugge med fire fargar rundt fersken, brunt og krem. Stor suksess, og alt som reduserer bruken av turkis er av det gode.

Elleveåringen elskar Lego starwars enn så lenge, og fekk Pirate tank med Hondo Ohnaka, Turk Falso og Obi-Wan Kenobi som mannskap. Stor lykke. Den vart kjøpt inn på Glasmagasinet (kombinert med ein liten tur i parfymeavdelinga, sjølvsagt). Vi tok heisen ned frå leikeavdelinga, og den nyslåtte eigaren av piratskipet var så lykkeleg at han trakk meg ned til seg og ga meg ein stor smask på kinnet akkurat idet heisdøra gjekk opp.

I kaféen i første etasje sat det ein mann med kaffikoppen sin. Heilt på refleks smilte han det største smilet sitt til oss. Eg trudde først han kjende oss, men det gjorde han ikkje. Han syns nok berre det var koseleg å sjå at elleveåringar framleis elskar mammaen sin utan atterhald. (Han visste jo ikkje noko om kva som låg i posen.)

This entry was posted in: Livet, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Måtte spørre ekspertisen her i huset (10 år, SW- og Legoentusiast, og ivrig ikkje-smaskar). Den var KUL, og heilt klart verdt massevis a klemmar, men det er mulig eg måtte heilt opp i ein Wii for å gjere meg fortent til ein smask 😉

  2. Etter nokre år med julekalender inngjekk eg same avtalen med dei yngste. Eg kom ikkje i mål med dill til 1. desember. Elles synest eg det tok heilt av rundt om. Enkelte fekk reine julegåvene kvar dag. Eg har venninner som sender gåvekalenderar til studerande barn. Dette var ikkje oppfunne då vi var små. I år sa eg «opps, eg la visst kalendergåva under juletreet, nederst». Ei fin scrapbook med masse tilleggsutstyr vart pakka opp saman med resten av julegåvene…..

  3. Du så lurt! Altså hvis jeg forsto riktig så fikk ungene EN gave før jul, i stedet for kalendergaver og kalendersjokolade? Noe for meg neste år, for her sleit jeg litt med å finne på nok gaver til hver av de 24 juledagene.

    Smasker er fint, det er godt man fortsatt kan få det av den oppvoksende slekt. 😀

    Håper du har hatt en flott juletid! Nå er det på tide å ønske deg et riktig godt nytt år! ♥

  4. Lothiane: Ja, nettopp! Trettenåringen fekk ikkje velge gåve, den hadde eg i beredskap, men eg visste at den var heilt rett. Elleveåringen fekk velge sjølv, eg var ikkje sikker på kva han hadde av slike farkostar, og ville ikkje kjøpe feil.

  5. For en strålende ide! Vi må nok vente noen år med mascara, selv om det var det som fikk lokket syvåringen med i nyttårsselskap…mascara, glitrende øyenskygge ( svært lite) og svartlilla neglelakk. Det tok lenger tid å style henne enn meg!

  6. Kjempelurt! Og du er ikke lurt, som jeg skrev i forrige kommentar.. hehe. Gikk visst litt fort i svingene der. Du er lur! Og jeg ser fram til å følge din plan, det gjør ting myyye enklere og neppe noe dyrere enn å finne masse smågaver (for de er aldri billige uansett).

Leave a Reply