Allergi, Billig mat, Fest, Mat, Middag
Comments 3

Spansk tortilla

Eg lagde ein spansk buffet her for ei stund sidan, så dei neste dagane får du litt spansk mat her i bloggen min.

Det var nærare 30 som skulle serverast, så eg måtte finne nokre snarvegar for å få det heile til å fungere reint logistisk. Eg lagde tortilla, og den skal eigentleg steikast i ei steikepanne og vendast undervegs. Potetene skal kokast møre utan å bli brune i olje, og så skal egg og steikt løk blandast inn.

Eg forsto raskt at eg måtte finne ein enklare måte å gjere dette på. Eg kledde ei langpanne med bakepapir, og bakte tortillaen i omnen.  Potetene vart forkokte, og eg måtte renonsere på kravet om at dei ikkje skulle bli brune under steikinga, for det vart dei. Men det vart ein skikkeleg god tortilla, så eg tenkte eg skulle dele oppskrifta med deg, snarvegar eller ikkje. Eg hart redusert oppskrifta litt i storleik, 18 egg kan bli i overkant sjølv om ulvehungeren ikkje heilt har gitt seg etter jul. Slik gjorde eg det:

Spansk tortilla

6 egg

8 poteter

50 g chorizopølse i tynne skiver

2 raude paprika

1 løk

Salt og peppar

olje til steiking

Sett steikeomnen på 225 grader. Kok potetene med skalet på viss det er tynt, skrell dei viss dei har grovt skal.Bak paprikaene på 225 grader i 20-25 minutt, til dei er svarte på utsida. Legg dei i ein kraftig plastpose som toler varme eller under ein tallerken slik at dampen kjem ut og får skalet til å løsne. Set omnen ned til 200 grader.

Skjer potetene i tynne skiver, og gje dei ein rask runde i steikepanna i litt olivenolje på god varme. Legg potetskivene over i forma. Bruk bakepapir, tortilla heng fast. Legg på tynne skiver av løk innimellom potetene. Fjern skalet av paprikaene og skjer dei i tynne strimlar. Legg strimlane innimellom løk og potetskiver saman med chorizo-skivene.

Pisk saman egga med salt og peppar, og slå det over forma. Ha i meir egg dersom dei øverste potetskivene vert liggande heilt tørre. Bak tortillaen i omnen på 200 grader i 30 minutt. Sjekk med ein kniv at eggestanden er fast og fin.

La tortillaen kolne før du skjer den i terningar. Skal du servere tortillaen på eit tapasbord, så del den opp i terningar på ca. 2×2 cm som du stikk tannpirkarar utan smak i. Denne tortillaen er gluten- og mjølkefri. Sjekk deklarasjonen på chorizo-pølsene, men det skal normalt ikkje vere mjølk eller mjøl i desse.

This entry was posted in: Allergi, Billig mat, Fest, Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. solfrid says

    Ah. Denne så innmari fristende ut! Med en kraftig forkjølelse innabords må man ha noe som smaker. Ha et godt nytt matår!!

Leave a Reply to Alt godt Cancel reply