Då eg lagde pepparkakehus reklamerte eg for dropsmatter eller silikonmatter til å bake på. Desse mattene er tunge og gummiaktige, så dei sklir ikkje hit og dit når du kjevlar. Dermed kan deigen kjevlast rett på mattene, og pepparkakene mistar ikkje fasongen fordi du må flytte dei over på steikebrettet. Resten av året kan mattene brukast i omnen under pizza, rundstykke, småkaker og juneimit.
Eg har kjøpt mine i København, men eg meinte å ha sett slike matter hos Panduro. Eg var nedom byen her om dagen, og stakk innom Panduro. Dei hadde denne matta som du ser underst på bildet, den kosta 359,-, trur eg. Eg syntest det var dyrt, men sidan alternativet var ein tur til København så var valet enkelt, og eg kjøpte den.
Då eg kom heim tok eg fram mine to gamle. Når eg la ut den nye oppdaga eg at den er dobbelt så stor som den eg har. Dermed har eg to nye matter! Den mørkebrune du ser til venstre har blitt pensjonert, og dei to nye og den ungdommelege til høgre får delta i vidare teneste i kjøkkenet. Når du skal lage pepparkaker og andre småkaker er det veldig praktisk med fleire matter, då kan du jobbe på ei medan den andre er i omnen og den tredje kolnar. Smart, ikkje sant?
Dette materialet er lett å klippe i, så du kan få dei til å passe til dine plater. Dersom din omn er djupare enn min kan det hende det ikkje passar, men hos meg var altså måla heilt perfekte. Om den er litt breiare gjer det ingenting, i breidda er det mykje å gå på.
Yesss!! Panduro here I come 😀
Panduro, her kommer jeg også – en til mamma, og en til meg. Fint at hun har bursdag først etter at jeg har vært i tigerstaden igjen 🙂 Dette var jo simpelthen genialt, jeg ante ikke at slike matter fantes engang. Jeg håper det tilhører standardutvalget til Panduro, slik at jeg finner den der en gang uti februar også…?
Elisabeth: Ja, det trur eg. Eg har iallfall sett dei der fleire gongar. Får du problem har kanskje Panduro nettbutikk?
Panduro har nettbutikk, men får ingen treff på dropsmatter. Ikke silikon eller bakeplate heller. Men Jernia har:
http://www.jernia.no/Produkter/Kj%C3%B8kken/Lage+mat/Bake?key=170620
Eg fann den, dei hadde kalt den teflonmatte. http://www.pandurohobby.no/pan/IboxServlet?p=IXS790&OPT=GET&AID=290102
Så vidt eg kan begripe er dette ikkje teflon, men who cares, så lenge det fungerer. Den tynne får du på billegare på Clas Ohlsson. http://www.clasohlson.no/link/m3/Product,Product.aspx?artnr=34-4298
Dei har også denne, men den har eg ikkje prøvd: http://www.clasohlson.no/link/m3/Product,Product.aspx?artnr=34-6433
Vi brukar clasolson sine bakepapir på skulekjøkenet – 3 for 100. Dei varer heilt til nokon skjer i dei (forbodne til pizza, men det er det ikkje alle som forstår), då kan vi skjere dei til strimlar tilbruk i brødformer t.d.
<3 fra et oppriktig hjerte!
Pingback: Nye pepparkakehusmetodar? « Alt godt