Ver
Comments 3

Kontoret mitt

Eg er så heldig at eg har utsikt til ein fin foss frå kontoret mitt.

Det er ein fascinerande måte å følgje med på årstidene på, det å følgje med på korleis ein foss utviklar seg gjennom året. Nokre gongar er den flomdiger og vill, andre gongar sildrar den forsiktig avgarde. I går morgon såg det slik ut.

Fossen er frosen stiv, men det sildrar nok vatn nedi der ein stad. Det er ein liten kulp der oppe nedanfor brua der vatnet framleis rører seg fritt.

Om kvelden vert fossen lyssett, og då ser det ut som på bildet nedanfor.

Er det ikkje vakkert?

Og på andre sida av huset har dei utsikt over byen. Det er også fint på sin måte. Dette bildet tok eg frå kontoret til ein kollega i går, rundt 09:20.

This entry was posted in: Ver

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Ah…Oslo, mitt Oslo! Veldig glad at det ikke er lenge til neste gang jeg skal tusle langs elva igjen og titte på fossen – og alt annet! En gang det regna mye (mens jeg bodde der) hadde jeg det kjempemorsomt ca her med å se på noen som surfa der, med surfebrett i elva! Takk for herlig hverdagsglimt fra fine byen sin 😉

Leave a Reply