Fest, Mat, Noko søtt
Comments 7

Søtt og syndig


Ja, eg veit at det er skikkeleg atalt gjort å poste denne oppskrifta no når alle gjer sitt ytterste for å kome i gang med eit sunnare og slankare liv. Men eg er atal. Av og til, iallfall.

Dette er nyttårsdesserten vår, og den var lett å lage i tillegg til at den smakte skikkeleg syndig godt. Oppskrifta ber om pulverkaffe. Vi hadde ikkje det, men vi hadde slike ein-kopp-pakkar med cappucino. Det brukte eg, og det vart veldig bra. Du kan droppe rom, eller du kan bytte den ut med bailey’s eller Kalhua viss du verkeleg elskar kaffe. Det gjer ikkje eg, så rom var fint i vår dessert. Slik gjorde eg det:

Nugattimousse

2 ss vatn

1 ts pulverkaffe (pulveret, altså)

Ein halv boks Nugatti

0,5 dl rom

2 dl kremfløte

2 dl seterrømme eller creme fraiche

Ha vatnet og pulverkaffen i ein liten kjele. Ha i nugattien og romen, og la den smelte medan du rører jamnt og trutt. Det treng ikkje koke, berre bli glatt og flytande. La det kolne heilt.

Pisk kremen og rømmen stiv kvar for seg. Bland dei saman i ein bolle. Rør inn nugattiblandinga slik at det heile blir jamnt og fint. Fyll i pene glas, og la dei stå kjøleg til servering. Du kan godt lage dette dagen før servering.

Pynt er fint, eg brukte knuste peanøttkaker som du finn oppskrift på lenger ned i bloggen her. Du kan også riste hasselnøtter og finhakke dei. Eg dryssa pynten rett på moussen, men du kan også ha på litt mjuktpiska krem før du drysser pynten på. Litt riven sjokolade er også lekkert. Glasa er frå Åhlens, er dei ikkje fine? Spørs om eg ikkje må få meg fleire av dei…

This entry was posted in: Fest, Mat, Noko søtt

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Dessert er ikke farlig, så lenge vi holder oss til en gang i uken. Denne må prøves! Glassene var lekre, vi fikk noe lignende etter svigermor, kun tre stykk dessverre.

    Likar

  2. Synet fryder søtmumsen i meg (en ganske stor del av meg, med andre ord) Virker uimotståelig, spør du meg 🙂

    Likar

  3. Fantastisk! Selv vil jeg anbefale å IKKE bruke hasselnøtter, simpelthen fordi det er noe mange allergikere reagerer på, meg selv inkludert. Faktisk er det mange som ikke egentlig er allergiske til vanlig som likevel reagerer på akkurat dem. Men sånn ellers: fantastisk oppskrift! Den skal testes om et par uker når jeg skal være barnevakt ei langhelg for tre gutter (1.5, 3 og 4.5 år, pluss en 14åring) mens foreldren er på kjæresteweekend i Roma 😀

    Likar

  4. Men kan ein spise nugatti då, Elisabeth, om ein har hassenøttallergi? Eg trudde nugattien gjorde heile oppskrifta ubrukeleg til allergikarar.

    Likar

  5. Jah. Man kan ALLTID spise Nugatti 😆 Neida, men halvspøk til side: Jeg har sterk hasselnøttallergi og er sensitiv på flere andre, relaterte ting (som f.eks. epler). Men jeg spiser Nugatti uten problemer. Aner ikke hva den medisinske forklaringa er; kanskje er ikke allergien min ekstrem nok, men…

    Hasselnøtter i ren form gir umiddelbare pusteproblemer, Nugatti i ren form gir intens nytelse 😉 Så jeg skal prøve denne og forderve de søte små mens de er i min varetekt noen dager…!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s