Billig mat, Mat, Middag
Comments 5

Ein kjapp ein

Av og til så må det berre gå fort. Alle kjem heim i ein haug, det er snart fotballtrening, korpsøving eller så er du berre innhol av svolt.

I dag får du oppskrift på ein klassikar i matverda, gulasj. Det er ei ungarsk gryte som vanlegvis skal koke i timevis. Min variant har du klar på ein halvtime, og den smakar nesten like godt som den tradisjonelle langkokte.

Denne oppskrifta er fin for allergikarar, den er både gluten- og mjølkefri. Viss du har buljong i, så sjekk at det ikkje er mjølk eller gluten i den, viss du har allergikarar til bords.

Ordet gulasj betyr gjetarsuppe, men eg er vand med å servere gulasj som ein fyldig gryterett med poteter, ris eller brød som tilbehør. I dag serverer eg gulasjen med ein heimelaga potetmos med selleri. Sellerien er med for å gje smak og litt meir fiber enn potetene har å by på.

Potetmosen vert smaksett med pecorino-ost. Den er lagd på sauemjølk, og dei fleste mjølkeallergikarar toler den dermed godt. Parmesanost er ost av same type som pecorino, fast og salt, og den er kanskje lettare å få tak i. Den kan du bruke dersom dei som skal spise toler kumjølk.

Lag rikeleg med potetmos, det går det alltid masse av når den er heimelaga. Eg huskar første gongen eg åt heimelaga potetmos, eg fekk ei intens kjensle av lykke av den mjuke, salte potetsmaken. Den var sikkert full av smør og, iallfall Pers margarin, og hadde nok litt meir kaloriar enn den eg lagar i dag.

Løk, paprika og kjøt er dei faste ingrediensane i gulasj, med ein saus basert på tomatar. Eg brukar tomatpuré og litt soltørka tomatar, for å få den konsentrerte smaken saman med krydder og kraft. Dersom du har tørre soltørka tomatar, ikkje dei som ligg på olje, så kan du slå litt kokande vatn over for å bløyte dei litt. Då slepper dei smaken fortare når dei kjem i gryta.

Kjøtet eg brukar er karbonadedeig, eg sparer litt på feittet no for tida. Når eg steiker kjøtet lar eg gryta bli godt varm før eg har i oljen. Så legg eg i kjøtet, og hakkar det fort opp med ein trespade. Så let eg det ligge og brune utan å røre i det til det har fått fin skorpe. Då løsnar det frå grytebotnen med ein gong.

Når eg har steikt kjøtet på alle sider har eg det over på ein vid tallerken før eg kokar ut gryta med litt vatn eller buljong. Så er gryta klar til å steike grønsakene i. Slik gjer eg det:

Kjapp kvardagsgulasj

400 g karbonadedeig

4 små eller to store løk

2 store paprika

2 fedd kvitløk

3 ss olivenolje

1 ss paprikapulver

1 ts malt spisskummen (cumin/jeera)

1 liten boks (140 g) tomatpuré

3 dl vatn

4 soltørka tomatar

Sukker, salt og peppar

1 buljongterning

Varm opp 1 ss olje i gryta, og legg i kjøtet. Steik det godt, og hell det i ei vid skål. Kok ut panna med litt vatn, og hell avkoket over kjøtet.

Rens løken og del den i båtar. Skjer rundt stilkfestet på paprikaene. Dra ut stilken og dunk ut det som er att av frø. Del paprikaene i passe store bitar. Varm 2 ss olje i gryta, og steik løken og paprikabitane til dei er blanke, men ikkje brune.

Rens kvitløksfedda, og press dei i gryta. Ha i spisskummen og paprika, og rør rundt. Finhakk dei soltørka tomatane, og ha dei i gryta. Ha i tomatpuréen, og la den frese med grønsakene på middels varme nokre minutt. Slå på vatnet og ha i buljongterningen viss du brukar det.

Ha i kjøtet, og rør godt. La det heile putre nokre minutt. Smak til med salt, peppar og ei teskei sukker, og server med heimelaga potetmos.

Potet- og sellerimos

8 store poteter

Ei halv sellerirot

4 ss riven pecorino

4 ss olivenolje

Salt og peppar

Skrell potetene og sellerirota. Skjer dei i terningar. Kok dei i 15 minutt, og la vatnet renne av. Ta vare på litt av kokevatnet. Eg har ikkje salt i kokevatnet, eg har lært at det gjer potetene seigare, og då vert ikkje stappa så delikat.

Stapp grønsakene med ein stappar, eller ei purépresse som eg har. Bland inn riven ost og olje, og smak til med salt og nykverna peppar. Spe mosen med litt kokevatn viss den vert for fast i konsistensen.

Legg mosen på tallerknar, og ha gulasjen over. Har du urter, så hakk gjerne litt og dryss over gulasjen.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Uhm! 😀 Gulasj er godt og potetmos er himmelsk. Jeg pleier å putte oppi litt sennep og spe med litt melk, og gjør ellers som deg – venter med saltet til mosing/oppfluffing er unnagjort. Spe med kokevannet har i grunnen aldri falt meg inn, så det skal jeg gjøre. Det går med en del poteter, da. Jøje, som folk eter når det er hjemmelaget potetmos 😆

  2. Maiblomst says

    Dette såg snadder ut! Eg og husbonden er svært glade i potetmos, men borna våre har ikkje heilt forstått endå. Eg brukar også kokevatnet til å spe med, og så har eg gjerne litt kvitlauk i:-)

  3. Åh så godt!!! Mannen lagde en stor gryte med kraftig gulasj til meg tidligere i uka, og det varmet skikkelig i en litt uggen kropp skal jeg si! Er veldig glad i litt kraftige gryteretter!

  4. Trine says

    Deilig januarmat. Jeg lager støtt og stadig egen potetmos, men stapper så godt jeg kan og likevel blir det klumper. Denne purépressa høres derfor interessant ut. Kan du legge ut et bilde, hvis du gidder?

Leave a Reply