Italiensk mat, Middag, Veggis
Comments 6

Cannelloni med ricotta og spinat

Dette er ein vegetarisk pastaklassikar, og då eg googla for å samanlikne oppskrifter så fekk eg 27000 treff – på norsk! (Det var kanskje nokre tyske inni der og, spinat heiter spinat på tysk og, har eg lært.)

Men iallfall, her får du min variant, som ikkje liknar altfor mykje på nokon av dei åtte-ti eg orka å slå opp. Eg tenkte å prøve ein tomatfri variant, dei oppskriftene eg har sett har ofte tomatsaus eller berre hakka tomatar på toppen.

Ricotta kan vere vanskeleg å få tak i. Då kan du bytte den ut med philadelphia eller Tine sin kremost naturell.

Cannellonirør er kanskje heller ikkje i alle daglegvareforretningar. Dessutan kostar dei det kvite ut av auga, iallfall dei eg fann hos Gutta på haugen. Du kan ta lasagneplater som du kokar nokre få minutt, slik at du kan rulle dei saman. Lagar du fersk pastadeig lagar du dine eigne rør med deigen, enkelt og billig.

Mine cannellonirør var forkokte, så eg kunne fylle dei direkte utan koking. Slik gjorde eg det:

Cannelloni med ricotta og spinat

16-20 cannellonirør

300 g kremost

150 g frosen spinat

1 løk

2 stilkar stangselleri

Fire fedd kvitløk

Salt og peppar

2-3 dl mjølk

Smør til steiking og til forma

100 g riven ost til gratinering

Sett omnen på 200 grader. Tin spinaten i ei skål. Finhakk løk, kvitløk og selleri. Fres dei i smør til dei er blanke og mjuke. Ha dei i ein smal beholdar og køyr dei glatte med litt mjølk. (Dette er pinglevarianten fordi mine barn pillar ut løk og andre mistenkelege grønsaker. Viss du ikkje har slike barn, så dropp dette og bland løkgreiene i ostemassen saman med spinaten.)

Ha osten i ein bolle, og kna den mjuk. Er den veldig fast, så spe med litt mjølk til det får ein kremete og mjuk konsistens. Bland inn løkblandinga og spinaten. Smak til med salt og peppar.

Smør forma godt. Fyll ostemassen i røra, og legg dei tett i tett i forma. Den enklaste måten å fylle dei på er å ha ostemassen i ein plastpose, knyte igjen, klippe av ein snipp og «sprute» massen inn i røra.

Fordel ostemassen som er til overs på toppen av røra. Bak forma med folielok i 40 minutt. Ta av loket, og dryss på riven ost. Slå på litt mjølk dersom det ser tørt ut. Sett på grillen, og bak forma i 7-8 minutt til den rivne osten er boblete og lys brun. Server med ein god salat.

Dei kjøtthungrige i huset fekk strødd litt steikt bacon på sin porsjon, sjå det øverste bildet. Men dette er ein deilig vegetarrett utan grisekjøtet.

This entry was posted in: Italiensk mat, Middag, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. cannellonirøyr får ein kjøpt på grønland torg for ein gullpeng per pakke. (typ tjue kroner) 🙂 og sikkert mange andre liknande grønnsakshandlar óg.

  2. Så bra! Av og til må eg minne meg sjølv på at nei, ein treng ikkje gå til Gutta på haugen. Takk, hjartesmil!

  3. Det så veldig godt ut! Jeg visste ikke at det gikk greit å bare bruke smøreost i stedet for ricotta (på nærbutikkene mine er de alltid utsolgt). Jeg prøvde å lage cannelloni med hytteost en gang – etter oppskrift – og det var ikke særlig vellykket…

  4. Dette skal jeg lage. Cannelonirør har jeg aldri sett til salgs her omkring, men jeg har pastamaskin, så det går bra 😀

  5. Monica says

    Ricotta kan byttes ut med cottage cheese, og om du tømmer et glass med pastasaus(tomat) oppå canneloniene før du legger på ost får du ekte Canneloni Rigatoni

    • Smart! Den er nok lettare å få tak i i Norge, og rimelegare og. Takk for tips! 🙂

Leave a Reply