Billig mat, Fest, Noko søtt, Sausar og dippar
Comments 5

Sjokoladelasagne med kokossorbet

Lasagne til dessert? No har ho tørna, tenker du kanskje. Men eg fann ikkje noko betre namn på denne desserten så eg kallar det ein lasagne.

Dette er ei dessertkake, ei iskake for å vere heilt presis. Botnen er ein slags sjokolademarengs, og så har eg lagt den i lag med kokossorbet imellom. Mi mjølkeallergiske venninne er alltid på leit etter kokossorbet, det er ein deilig mjølkefri is som smakar sommar, sol og syden. Denne oppskrifta er både mjølkefri og glutenfri.

Eg tenkte i mitt stille sinn at kokossorbet må det vel vere råd å lage. Kokosmjølk får ein tak i på boks over alt, og kokosmasse er også i alle butikkar, sjølv om makronsesongen er over. Å eksperimentere på kjøkkenet er ein av mine hobbyar, så dette er resultatet av laurdagens eksperimentrunde.

For fleire år sidan fekk eg ein ismaskin av han som eg bur saman med. Vi var ganske ivrige i byrjinga, men det har dabba av med islaginga. Men til kokossorbet er ismaskinen perfekt, så den fekk seg ein luftetur ut av skapet. Slik gjorde eg det:

Kokossorbet

2 boksar kokosmjølk

1 dl melis

100 g kokosmasse

1/4 ts salt

2 ts sitronsaft

Rør saman alt, og rør så godt at melisen ikkje lenger er i klumpar, og kokosmjølka ikkje lenger er «skilt». Legg fryseelementet i ismaskinen, og ha i kokosblandinga. La ismaskinen gå så lenge den skal etter bruksanvisninga, mi gjekk vel ein times tid. Ha ismassen i ein boks med lok, og oppbevar den i frysaren til den skal serverast.

Lasagneplater med sjokolade

4 eggekviter

150 g sukker, gjerne Tate & Lyle, som er ekstra fint

1/2 ts salt

2 ss maisennamjøl

1 ss kakao

Set omnen på 150 grader. Pisk eggekvitene med saltet til dei dannar mjuke toppar når du dreg vispen igjennom. Pisk inn sukkeret, ei og ei skei. Sikt saman maisenna og kakao. Ha det og i marengsmassen, og rør det godt inn.

Legg bakepapir i ei lita langpanne, og brei marengsmassen utover. Steik marengsmassen i ca. 40-45 minutt. Legg den med papiret på på ei fjøl, og del den i fem ståande strimlar, ca. 8 x 25 cm. Eg brukte eit pizzahjul. Gjer dette med ein gong den har kome ut av omnen, medan det framleis går an å jobbe med den. Løsne av papiret når den har kolna heilt.

Ta isen ut av frysaren, og la den mjukne litt. Legg ein strimmel på eit fat, og brei på kokossorbet. Legg på ein ny strimmel, og meir is. Fortsett slik til du har brukt opp strimlane.

Sett lasagnen tilbake i frysaren på fatet. Ta den ut rett før servering. Dryss på eit tynt lag med melis. Matsminke kallast det. Server den med jordbærsaus.

Jordbærsaus

300 g frosne jordbær

Sukker til passe sødme, eg brukte ca. 3-4 ss.

Tin jordbæra, og rør inn sukkeret. Køyr det gjerne med stavmiksar. Smak til med meir sukker dersom det trengst.

Legg eit speil av jordbærsaus på asjetten. Skjer opp ei skive sjokoladelasagne, og legg i sausen saman med ei kule kokossorbet.

5 Comments

  1. Innovativ! Stilig, sånn vil jeg lage ved første anledning, for det høres skikkelig godt ut :D. Strimlene som skal være «stående», mener du langs langsiden av langpanna, da? Og hva er målene på din langpanne?

  2. Åhh, som du frister og herlig navn!

    Ha en fin dag der nede, selv skal jeg gjøre noe jeg hater gjøre emn bare må en liten tur… Kommer sikkert noe om på på facebook utover kvelden .

  3. BÅ: Langpanna mi er vel ca. 28×40, ytre mål. (Dette er ikkje den som kjem med komfyren, men ei slik jernia-form med lok.) Då blir det ca. 5 ståande stavar á 8 cm.

    GundaM: A woman’s got to do what a woman’s got to do… :klem:

  4. irma says

    noterer meg denne – ser snaddersnaskent ut!

Leave a Reply to Alt godtCancel reply