Fisk, Heidi, Kjøtt, Middag
Comments 5

Å bli mett av ein kval

I dag har Heidi fanga ein kval, og prøver å bli mett av den. Forelska er ho visst og. Får du tak i kvalkjøt, så bør du prøve å lage denne gryta, den smakar fantastisk!

Alt godt

Har du nokon gong vore forelska? Det merkelege då er at ein kjenner seg mett utan å ete. Dette sjølv om kjærleiken like godt fell på ein lort som på ei lilje. Amors piler kan verte vår beste slankekur, men det spørs kor lenge vi klarer å halde koken.

Det er ingen tvil om at mat og kjensler heng saman. Appetitten vår kan i periodar vere stor, og skal maten dekke appetitten kan sjølv ein kval bli liten. Appetitt og mat kan vi dermed ha behov for å skilje og ein kan altså bli mett utan å ete. Såleis er svolt, mat og appetitt tre ulike faktorar.

Å gle seg til ei ferjesvele er det mange som gjer, men av og til kjem ein til ei ferje som verken har svele eller svelelukt. Skuffelsen vert stor og ein veit knappast at ein har vore om bord i ei ferje når ein kjem fram. Mat er ein samansett ingrediens, flyktig og konstant på ei og same tid.

Ein får servert ulike matrettar til ulike arrangement. Ein får ikkje servert same maten i eit bryllaup som etter ei gravferd. Ei dame som steller i stand til det siste her sa at ”folk er i grunnen flinke til å forsyne seg”, med andre ord dei er svoltne etter ei slik påkjenning. Jaudå, mat er meir enn næring, det har også med kjenslene våre å gjere.

Kvalkjøt er godt kjøt, og i min barndom fekk vi ofte kvalkjøt til middag. Kvalfangst har ei lang historie, og brørne Sæbjørnsen på Harøya er for pionerar å rekne. Kvalkjøt har låg feittprosent og er proppfull av A-vitamin. Mor mi la alltid kvalkjøtet i eddikvatn, men eg berre skyl det under rennande vatn og så lager eg sosakjøt av det.

Eg steiker tynne skiver, lagar brun saus og kokar det i hop. Nydeleg!  Men mitt sosakjøt er som blåbær å rekne i forhold til denne gryteretten. Eg må berre takke Åsrunn for denne herlege kvalkjøtgryta ho laga. Dette kan ho. Men så er ho då frå Harøya og har ein kvalfangar i hus.

Kvalkjøtgryte

6-700 gram kvalkjøt

ca 2 ss smør/margarin

Skjer kjøtet i små treningar nesten på storleik med ein sukkerbit, og steik kjøtet i fleire omgangar. Kjøtet skal steikast godt og gløym at kvalkjøt berre skal steikast i tre minutt. Etter min smak er det alt for kort steiketid.

6-700 gram løk

1 ½ dl buljong. ( bruk ein terning og vatn)

1 liten boks tomatpuré

ca 1 ts salt

litt peppar

3 ss paprikapulver

½ liter vatn

2 dl fløyte

2 boksar ananas

Jamning: 3-4 ss maizena og 4 ss kaldt vatn.

Del løken i to og skjer han deretter i tynne strimler. Steik han gyllen men ikkje brun. Tilsett kjøtet og dei andre ingrediensane og la gryta koke opp. Som du ser kan konsistensen verte litt tynn og då er ei jamning god å ty til. Ananas gjer gryteretten frisk på smak.  Du kan gjerne lage gryta dagen før du skal servere ho berre du hugsar  å avkjøle ho godt nok. Ho vert like god dagen derpå, og server rikeleg med kokt ris til.

This entry was posted in: Fisk, Heidi, Kjøtt, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Kvalmottaket på Harøya – der har vi også kjøpt kvalkjøtt. Førsteklasses! Han vi snakka med der var kunnskapsrik og artig, og så ivrig etter å komme med gode tips at han omtrent fulgte etter oss ut døra.
    Vi stekte kjøttet som blodige biffer på klebersteinsplata vår i fjøra. Saftig, mørt og lekkert, en smaksopplevelse! Ei uke seinere stekte vi resten (etter opphold i frysen) på nøyaktig samme måte , det var en tørr skuffelse. Men til gryte hadde det nok vært prima.

  2. Jeg synes det er så vanskelig å få tak i godt hvalkjøtt her i sør. Første gangen jeg smakte hval, var på Hamarøy, kjøttet var kjøpt på fangsbåten tidligere samme dag. Nam! Det blir ikke helt det samme når det ikke er så ferskt.

  3. Ah, possibly the food love of my life. Kvalkjøtt. Yummy!!

    Hjemme er jeg vant med at pappa likte å steke det som biff, og han er konge på det! Selv har jeg også i voksen alder blitt veldig glad i å lage det i wok-gryte med ulikt tilbehør. Vi kjøper gjerne kjøttet i Lødingen, der har mottaket egen utsalgsbutikk. I «gamle dager» (dvs før forbudet som kom før de siste tiders forskningsfangst) hadde vi hvalfangere i familien og fikk relativt regelmessig tilbud om kjøtt som var billig og lett tilgjengelig.

    Jeg liker å steke det som biff i utgangspunktet, men jeg steker så mye at jeg vet det blir noe til overs. Det som blir til overs, strimler jeg når jeg bruker det neste dag i gryte for eksempel, eller som tilbehør i et pitabrød eller to til lunsj, fylt med kjøtt, salat etc. Når jeg skal lage wok, bruker jeg det helst rått (ikke rester fra biffen) og lar det marinere litt på forhånd. Det tåler litt krydring, men ikke så mye at egensmaken blir borte naturligvis.

    Nå fikk jeg utrolig lyst til å lage meg noe slikt til middag i dag. Hmh. En tur innom fiskebutikken i byen kanskje, for å se om de har noe…?

  4. Åh, nå savner jeg hvalkjøtt veldig! Husker jeg pleide å mørbanke kjøttet sammen med min farmor da jeg var lita. Har ikke spist det på årevis. Tenker litt som Ragne, men det er mulig jeg tar feil. Kanskje du har tips til hvor man kan kjøpe slikt i hovedstaden?

  5. Pingback: Ikke heeelt etter boka « Elisabeths Eldorado

Leave a Reply