Allergi, Fest, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Middag
Comments 2

Kjapp kylling

Eg lagde ein fin variant av kyllingfiletar her om dagen, der eg la på dei ei skorpe med ost og purre.

Eg reiv osten først, og så hadde eg den i ein blender saman med purre, olivenolje og strøkavring. Strøkavringen er med på å stabilisere det heile, slik at det ikkje renn av under steikinga.

Dette er også ein mjølkealleritilpassa middagsrett, pecorino er laga av sauemjølk, og kumjølkallergikarar toler den godt. Bruk mild olivenolje til dette, den kaldpressa jomfruoljen toler ikkje oppvarming så godt som den vanlege. Slik gjorde eg det:

Panert kyllingfilet

6 kyllingfiletar

100 g pecorinoost

Olivenolje

5 cm av det kvite/lysegrønne av ein purre

3 ss strøkavring

Varm steikeomnen til 180 grader. Varm 2-3 ss olje i ei steikepanne, og steik filetane 3-4 minutt på kvar side til dei har fått fin farge. Legg filetane i ei eldfast form.

Riv osten, og skjer purren i ringar. Ha dei i ein blender saman med strøkavringen. Køyr dette til ein glatt masse medan du sper i olje. Massen skal vere litt mjukare enn leverpostei.

Legg massen på filetane, ca. 2-3 ts på kvar kavring. Fordel det jamnt utover. Viss du vil og har kan du slå ein klunk kvitvin i forma, det gjev god kraft.

Steik filetane på 180 grader i 10-15 minutt. Sjekk på ein at dei er gjennomsteikte. Vil du ha meir farge på paneringa, så sett på grillen dei siste par minutta. Server med kokt ris og ein god salat.

2 Comments

  1. Mmmm, namme! Jeg kommer på middag en dag, altså, tror jeg snart! 😉 Hehehe! Jeg får vel bare våge å prøve ut noen oppskrifter, heller.
    Klemme påå

  2. Denne bør du prøve, den er kjempegod og lett å lage viss du har ei matmølle til å blande alt saman.

Leave a Reply