Duft
Comments 4

Har du sett noko så søtt?

Desse vart med heim frå Heaven Scent på laurdag. Er dei ikkje nydelege?

Merket er fransk, og heiter Crazylibelule and the poppies, enkelt og greitt. Produktet er ein voksparfyme, i ein beholdar som ser ut som ein stutt og tjukk lypsyl. Akkurat passe til kosmetikkpungen på fest, kontorskuffen eller handveska.

Trettenåringen valde ut “Toi mon prince”, og eg valde “dans tes bras”.

Den har ingenting til felles med Frederic Malle si duft med det same namnet. Malle si utgåve har opptil fleire ting eg ikkje klarer, som til dømes iris, fiol og heliotrop.

Denne er ein heilt annan parfyme, ikkje berre fordi den er ein fast voksparfyme. Den er ein nær slektning av Feminité de bois, så nær at eg faktisk har tenkt å ha den i veska som eit supplement utover dagen når eg har på meg Faminité frå morgonen av.

Den andre vi kjøpte, Toi mon prince, er ein fruity floral, fast på ett bra sätt, som svenskane seier. Den er balansert og fin, med eit hint av eple og mango, og med ein lekker muskprega inntørking. Begge varer anstendig lenge, og så er dei fine å ta med seg, viss ein vil ha meir “opmh” utpå dagen.

Crazylibelule and the poppies har mange dufter, og Heaven Scent har dei fleste av dei, så det er vel verd å stikke innom om du er i byen, og sjekke dei ut.

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Notert! Skal tilbringe et par dager rett rundt hjørnet for den butikken om et par uker, og da er det ikke mulig å gå forbi uten å gå innom, antar jeg 🙂 Takk for tips!

  2. Åååhhr, du forteller herlig om dufter og parfymer og får meg til å tenke at jeg vil også haa! 🙂 Så flink til å beskrive! Takk

Leave a Reply to Alt godtCancel reply