Bryllup, Fest, Grønt
Comment 1

Blomar på eit festbord

Mange som søkerfestbord kjem hit til meg, men mine festbord er som regel fulle av mat. Bordpynt har eg ikkje skrive så mykje om.

Det betyr ikkje at eg ikkje bryr meg om korleis bordet ser ut. Eg er så heldig at eg har folk rundt meg som syns at det å lage pene bukettar og dekorasjonar er lett og gøy. Slik er det ikkje med meg. Eg syns eigentleg det er ganske vanskeleg å få pent.

Men her for ei stund sidan vart eg invitert med på ein middags-«workshop», der nokre skulle dekke bord, nokre skulle lage mat og nokre skulle lage borddekorasjonar. Alle venta at eg skulle melde meg til matgruppa, men eg følte eg trengte mykje meir å arbeide med blomar saman med vaktmestrane. Det var kjempegøy!

Vi lærte nokre grunnprinsipp som var veldig nyttige å ta med seg. Første regel er å lage dekorasjonen slik at dei som har den framfor seg ser over den. Difor bør den ikkje vere for høg. Alternativt må den vere høg og slank, slik at ein lett kan sjå «rundt» den.

Ein annan ting som er viktig å tenke på er at den skal vere fin frå alle sider. Buketten bør ikkje ha ei bakside om den skal stå midt på bordet. Dersom den skal stå inntil ein vegg kan den godt vere finare på eine sida enn den andre.

Det er smart å velge eit grunntema for form, tekstur og farge for bordet og festen. Vil du ha det shabby chic så er kvitt og støvete fargar fint i bukettane. Har du eit sekstitals marimekko-tema kan det vere fint med gerbera og solsikker viss det er sesong for dei. I eit klassisk selskap kan det vere flott med roser med blåbærlyng og anna grønt, og vil du ha det enklare kan blomehovud flytande i ei skål vere kjempefint.

Husk på at når vinteren er borte er det masse pengar å spare på å plukke bladverk og blomar i eigen hage eller i skogen. Har du ikkje hage sjølv, men kjenner nokon som har det, syns dei sikkert det berre er koseleg at du spør om å få litt. Praktmarikåpe, ulike typar strå og bregner, hosta og andre spennande ting er lett å finne, og lett å bruke i dekorasjonar.

Litt grunnleggande fargelære er også fint å ha med seg. Ton-i-ton er alltid safe, så lenge ein ikkje blandar kalde og varme variantar av same farge. I bukettar med kontrastfargar kan ein godt blande kalde og varme fargar, oransje og lilla, til dømes, kan vere kjempetøft. Det er fint at ting heng saman, men det er det å bruke kontrastar på ein spennande og gjennomtenkt måte som verkeleg kan løfte eit bord og gjere det lekkert.

Eg syns dekoren på bordet over her er tøff, store, svarte, grove lysestakar med mørke lys i kontrast til sarte liljekonvallar i små juiceflasker. Det fungerer i uformelle settingar. I eit bryllup eller ein konfirmasjon ville kanskje dette verte i tøffaste laget.

Når du får blomane og tilbehøret inn er det viktig å snitte dei med ein gong, og sette dei i lunkent vatn. Roser og andre plantar med treaktig stilk bør settast i varmt vatn. Fjern gjerne blad langsetter stilken med ein gong, men ta vare på dei. Viss dei er fine kan du bruke dei til å fylle ut med.

Bladverk skal aldri vere i vatnet, dei rotnar raskare enn stilken og gjev bakterievekst som gjer at blomane visnar fortare. Hald blomane og ferdige bukettar unna frukt. Etylen vert skilt ut av mellom anna eple og tomatar, og den gassen gjer at blomane visnar. Dei bør heller ikkje stå i sola. Skift vatnet kvar dag viss bukettane skal stå litt.

Det eg gjorde med buketten eg lagde var å ta oasis i ei låg skål. Eg la den først i vatn slik at den var heilt vasstrukken. Så skar eg den til slik at den passa i skåla. Husk at når du først har bløytt oasis må den haldast fuktig. Vatne på skåla. Oasis syg ikkje væske viss den først har vore fylt med væske og så har tørka opp. Så kost på deg ny oasis når du skal lage fine dekorasjonar.

Eg byrja med dei store, grøne blada, som eg brukte for å få lengde på dekorasjonen. Eg la dei symmetrisk i lengderetninga med roser oppå.

Eg supplerte med bregner som eg lagde ein tett botn av rundt heile dekorasjonen, stuttare dess nærare midten eg kom. Så plasserte eg rosene som eg kutta relativt nær til stilkfestet, men slik at dei får litt stilk ned i oasisen for å drikke vatn.

Gerberaene kom innimellom rosene, og så fylte eg i med noko som likna på blåbærlyng, som gjorde seg veldig fint som fyllplante. Til slutt brukte eg lange aks som eg bøygde forsiktig over heile buketten, slik at den fekk litt høgde utan å hindre blikkontakt med dei på andre sida av bordet.

Dette er ein nybyrjardekorasjon, og i ettertid ser eg at eg skulle gjort ting litt annleis. Den kunne ha vore meir symmetrisk, og den eine rosa peikar for mykje opp. Men viss dette kan inspirere deg til å gå i gang og prøve, så er eg glad for det. Dette var iallfall ein enkel bukett å lage, som ikkje lurer fagfolk, men som kan glede likevel. Lykke til med dekoreringa!

This entry was posted in: Bryllup, Fest, Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Så enkelt og greit 🙂 jeg har fått en vane/uvane på å ha friske blomster i hus stadig (hele tiden!), og har lært litt om snitting og blader, osv. – kjekt å se at jeg har det meste på plass. Men dekorasjoner lager jeg ikke! Det virker vanskelig! Arrangerer gjerne buketter 🙂 men der stopper det! Så flink du har vært med din dekorasjon! Jeg er imponert!
    Klem på deg 🙂

Leave a Reply