Allergi, Fest, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comments 9

Rask festmat

Kva gjer ein når ein ventar gjestar, men har det travelt? Då lagar eg mat som eg kan gjere klar på førehand, eller som går kjempefort å lage.

I dag får du ein slik meny av meg. Vi hadde avtalt aketur med nokre vennar, og så skulle vi heim til oss og lage middag etterpå. Det er koseleg å lage mat saman, men når ein kjem inn frå aketur treng ein mat NO, ikkje om to timar. Eg hadde kjøpt inn blåskjell, dei er på sitt beste no. Blåskjell skal berre dampe nokre få minutt, og med godt brød og ein aioli til har du middag på bordet før du veit ordet av det.

Aiolien lagde eg på førehand. Slik gjorde eg det:

Aioli

2 eggeplommer (frys kvitene, eller lag marengs med dei)

2 fedd kvitløk

1 ts dijonsennep

2 ss sitronsaft

1 lita ts salt

½ ts honning

½ dl jomfruolivenolje

2 dl nøytral olje

Press kvitløken, og bland alt som står over saman i ein bolle. Bruk ein handmiksar, og miks ingrediensane over med nokre få dropar olivenolje.  Du kan byrje med ein god, kaldpressa jomfruolivenolje, ca. 1/2 dl.  Så tek du ein mildare olje, enten ein mild olivenolje eller ein annan smaksnøytral olje, til dømes raps eller soya, til saman 2 dl. Brukar du berre jomfruolje vert smaken på aiolien i skarpaste laget.

Drypp i oljen medan du miksar jamnt og trutt. Det viktige for å få eit godt resultat er å byrje å ha i oljen dropevis og så auke på litt etter litt til du har rørt inn all oljen.

Smak til med salt, litt sitronsaft, (syra balanserer feittet i oljen) og litt honning.  Husk at krystallar som salt løyser seg saktare i olje enn i vatn, så aiolien må kanskje stå litt mellom kvar tilsmaking for å trekke til seg saltsmaken. Er aiolien for fast i konsistensen, så kan du spe den med litt kaldt vatn.

Dampa blåskjell

1 kg rensa blåskjell

3 fedd kvitløk

1 bunt basilikum

1 bunt persille

3 ss olivenolje

3 dl kvitvin

1 ss havsalt

Ein søt tomat

Hakk urtene og kvitløken grovt. Del tomaten i fire. Ha oljen i ei vid gryte, og la den bli varm. Ha plata på fullt, og ha i salt, urter, kvitløk og tomat. Slå på vinen og ha i skjella. La det heile dampe nokre minutt til skjella opnar seg. Vend dei rundt i den deilige skjellkrafta. Aus opp i vide skåler, og pass på å få med godt med kraft i kvar skål. Server med aioli og godt brød. Server glutenfritt brød viss du har glutenallergikarar ved bordet. Denne middagen er mjølkefri.

9 Comments

  1. Åhh – sitter med vann i munnen. Jeg er gjerne gjest hos deg, ja – imponerende hvilken interesse du har for smak og lukt 🙂 og så mye det utgjør for kos og god stemning. Du er flink!
    Klem!

  2. kjersti70 says

    Som eg skulle ønske at eg kunne bli fullgodt vaksen og nyte blåskjell. Det er i grunn det siste som gjenstår. Som barn åt eg ikkje tomater, reker, oliven og alt det der som barn ikkje likar. Eg har komme godt over det der; nå nyt eg smakane til fulle. Men blåskjell gjenstår, og eg syns det er direkte leit. For eg likar smaken, men eg slit med tanken og konsistensen. Dumme meg altså! Eg trur at det einaste eg må gjere er å utsette meg for det; kanskje ei intens helg med blåskjell. For det smakar jo veldig godt!

  3. høres kjempegodt ut! men kan man virkelig fryse eggehviter? og kan man gjøre det samme med plommene? (jeg lager mye marengs!)

  4. Kjersti70: Eg var der sjølv, lenge. Men ein må berre bestemme seg, for det er godt! 🙂
    Stïne: kan definitivt frysast! Det kan eggeplommer og, men eg har ikkje laga aioli av dei etter frysing, så eg kan ikkje gå god for at dei framleis er gode som emulgator.

  5. Trine says

    Jeg har laget aioli mange ganger, og det har aldri skjært seg. Men jeg synes den blir så tynn, sjøl om jeg ikke har like mye olje i som du har. Jeg har vispa for hånd. Er det det som er feilen?

    En annen ting jeg synes du burde hjelpe oss med er hollandaise. Nå er det jo snart vår og aspargessesongen. Herved er du utfordra på hollandaise-fronten!

  6. Pingback: Hovudretten: Torsk med raud pesto « Alt godt

  7. Pingback: rask mat | oppskrifterogkosthold.com

Leave a Reply