Billig mat, Gjærbakst, Middag, Oppskrifter for barn, Supper, Tilbehør, Veggis
Comments 2

På sjølvstyr i kjøkkenet


Her kjem endå ei oppskrift som er skriven for barn, Heidi og eg hadde ein matklubb for barn i Sunnmørsposten ei periode. Der kom desse oppskriftene på trykk.

I dag skal vi lage heimelaga tomatsuppe, og bake eit deilig brytebrød å servere til. Dette er god kosemat om kvelden når middagen er lenge sidan og du vil lage noko som alle syns er godt. Den passar også perfekt å lage etter skulen når dei vaksne ikkje har kome heim enno. Denne suppa smakar betre enn posesuppe, det kan eg love deg!

Suppa er rask å lage, så det lønner seg å byrje med brødet.  Har du ikkje smør i kjøleskapet kan du bruke margarin, men ikkje brelett. Bremykt går fint, om du finn det.

Brytebrød

3 ss smelta smør

3 dl mjølk

1/2 ts salt

1/2 pakke gjær

3 dl sammalt grovt kveitemjøl

ca. 4 dl fint kveitemjøl pluss litt til elting og utbaking

Smelt smøret i ei gryte på omnen.  Varm opp mjølka i same gryte som smøret til den er fingervarm, altså at den kjennest ikkje varm og ikkje kald når du stikk ein finger oppi. Vask hendene først! Ha i salt.

Smuldre gjæra med ein gaffel, og ha den i mjølka. Ha det mjølkeblandinga i bakebollen. Mål opp det grove mjølet og ha det i bakebollen. Rør det inn med ei tresleiv, eller bruk kjøkkenmaskin. Rør inn det fine kveitemjølet til slutt.

Elt til deigen vert passe fast, ha i meir kveitemjøl om nødvendig. Husk at deigen ikkje skal vere for laus, men ikkje for fast heller. La deigen heve i ein halvtime på ein lun stad med eit handkle over.  Elt deigen på nytt, og del han i 11 emne.

Trill jamnstore bollar som du set saman i forma, tre i midten og resten rundt kanten. Når dei hevar seg treng dei litt plass, så ha litt mellomrom mellom bollane.

Sett omnen på 220 grader.  La brytebrødet heve i ein halvtime til før du set det midt i omnen, og steiker det i 20 minutt.

Denne oppskrifta går fint å doble slik at du får to brytebrød eller du kan fylle ei langpanne. Er nokon i familien din mjølkeallergikarar kan du lage brødet med vatn og med olivenolje i staden for smør. Deigen kan også brukast til pizza viss du kjevlar den flat.

Tomatsuppe

1 liter kokande vatn

2 buljongterningar eller 2 ts buljongpulver

3 ss smør

3-4 ss kveitemjøl

Eitt glas pastasaus (tomatsaus) ”classico”

3 ss tomatpuré

1 ts sukker

Kverna peppar

Kok opp vatn, til dømes i ein vasskokar, og ha det i eit litermål. Rør ut buljongen i vatnet, og set det til side. Du kan bruke alle typer buljong unntatt fiskebuljong.

Smelt smøret i ei gryte på middels varme, og rør inn  mjølet. Slå over buljongen, rør godt og la suppa koke i ca. 5 minutt.

Slå forsiktig glaset med pastasaus i gryta, og ha i tre spiseskeier tomatpuré. Smak til med sukker og peppar.

I staden for pastasaus kan du bruke ein boks med hermetiske tomatar. Då må du krydre ekstra med litt salt, 1/2 teskei timian og 1/2 teskei basilikum. Syns du suppa vert sterk, kan du ha i ein mjølkeskvett.

Når du serverer suppa kan du ha alt mulig godt oppi skålene. Makaroni er ein favoritt, eg brukar å koke den ved sidan av, då blir den ikkje så grøtete. Rør inn ei skei smør og litt basilikum og set den i ein bolle på bordet så dei som likar det kan forsyne seg. Skal suppa vere middag kan du ha i kjøttbollar eller pølsebitar. Riven ost er også kjempegodt, den smeltar i suppa. Ei skei rømme eller eit kokt egg delt i båtar er nam-nam. Alt dette på ein gong vert for mykje, så du får sjå kva du har i kjøleskapet.

2 Comments

  1. Ånammenamme! 🙂 Jeg har alltid hatt lyst på oppskrift på slike supper fra bunnen av – denne skal jeg jammen prøve en dag. Veldig takknemlig at det er ment å være enkelt! Det ser deilig ut! Klem

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s