Billig mat, Fest, Heidi, Middag, Quiche
Comments 2

Quiche Lorraine

I dag har Heidi laga pai, ein klassisk fransk quiche lorraine. Ho slit med å få mennene i huset til å ete det, men det er berre fordommar. Dette er mat for samtlige kjønn, spør du meg. Heidi har gjeve ut kokebok, den heiter Bakebok for mannfolk, og er framleis å få tak i her og der. Sist eg såg den var i bokhandelen på Gardermoen, underleg nok.

Alt godt

Pai, seier mannen min, var dette nødvendig då? Pai, seier gutane mine, har du ikkje noko anna? Slik kan det høyrest ut ein laurdagskveld heime dersom eg får bestemme menyen. Det hadde vore betre om eg serverte fiskebollar. Pai er tydelegvis ein rett som ikkje fell i smak i huset vårt. Av og til lurer eg på om det er sant slik enkelte hevdar at det finst kvinnfolkmat og mannfolkmat. Denne paioppskrifta er henta frå, ja nettopp, ”Bakebok for mannfolk” .

Dette med pai har frå mi side vore mykje prøving og feiling, og mange paiar har gått rett vest ned til hønene i hagen. I dag vert det mindre godbitar til hønene, men på eit tidlegare stadium i kjøkenkarriera mi vart hønene utruleg godt fora. Heimeavla egg frå frilynde høns er best!

Pai er ikkje noko eg vart oppfostra på heimafrå, men hadde eg budd i Frankrike, England eller Amerika hadde eg sikkert hatt bestemors paioppskrift. Quiche Lorraine er forresten franskmennene sin pai og du veit sikkert kvar regionen Lorraine ligg med byen Nancy som den mest folkerike. På landsbygda her har dei baka quiche i 400 år, så dette er ingen nymotens rett. Ein ekte quiche lorraine skal vere fylt med steikte terningar av røykt flesk og ein eggestand.

Ein pai eller ein quiche har ein sprø botn med litt høge kantar. Kunsten er å få denne botnen så sprø som mogeleg. Derfor er det lurt å forsteike botnen før du har i fyllet. Eit fyll gjer ei kake saftig, men lagar du pai er det om å gjere at fyllet ikkje gjer botnen saftig eller mjuk. Enkelte penslar derfor botnen med litt eggekvite før steikinga for å behalde sprøheita. Botnen skal ikkje blåse seg opp under steikinga og derfor prikkar ein  botnen med ein gaffel.

I enkelte oppskrifter står det at du skal legge tørka erter oppå botnen for at han ikkje skal heve seg, men det er unødvendig dersom du prikkar han.  Har du handlaget i orden går det fint å kjevle ein paideig ut og løfte han over i forma i staden for å trykke deigen ut i forma. Her som elles gjeld det gamle jungelordet: Øving gjer meister!

Skinkepai/quiche lorraine

Botn:

100 gram margarin

3 dl kveitemjøl

4 ss vatn

Ta fram ei paiform som er 24 cm i diameter.

Ha kald margarin i ein bakebolle og tilsett kveitemjøl. Smuldre margarinen i mjølet. Tilsett vatn og kna deigen raskt saman utan å bearbeide han for mykje.

Du kan også gjere dette i ei matmølle. Ha mjølet i bakebollen først, og så kuttar du margarinen i terningar med kniv. Køyr matmølla til margarinen og mjølet har blanda seg til ein smuldredeig. Ha i vatnet, og køyr nokre sekund til slik at deigen samlar seg i ein klump rundt kniven. Så er deigen ferdig til å avkjølast.

La deigen kvile i kjøleskåpet i 20 minutt. Smør paiforma og trykk deigen utover botnen og opp langs sidene. Deigen må gå heilt opp til kanten av forma og gjerne og henge litt utanfor og. Prikk botnen med ein gaffel. Steik botnen på nederste rille i 15 minutt på 220 grader. Botnen skal ha lysebrun farge når du tek han ut av omnen. No kan du forsiktig skjere av kanten med ein skarp kniv, viss du vil at den skal sjå strøken og fin ut.

Fyll:

4 egg

3 1/2 dl fløyte eller mjølk

200 gram skinke i terningar

1/2 purre

100 gram kvitost, gjerne jarlsberg.

1/2 ts salt

1/4 ts pepar

Bland egg, fløyte eller mjølk, salt og pepar saman i ein bolle. Legg skinkebitar, den finsnitta purren og riven ost i forma oppå den ferdigsteikte paibotnen, og slå eggeblandinga over. Senk temperaturen på omnen til 200 grader, set paien inn  og steik den vidare på nederste rille i 25 minutt. Når fyllet har stivna er paien ferdig. Stikk gjerne ein kniv inni fyllet for å sjekke.

Server paien saman med ein god salat.

This entry was posted in: Billig mat, Fest, Heidi, Middag, Quiche

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Pai er SÅ godt! Heldigvis er alle fire i huset vårt helt enige om det, så jubelen står i taket hver gang pai står på menyen.
    Pludrehanneklem

  2. På skulekjøkenet lagar vi pai med ost og skinke kvart år til såkalla «påskelunsj». Det bruker å falle i smak. Men det er ganske mektig mat. Vi lagar ostesuffle, bagettar og salat også, så kan ein ete litt av kvart.
    Heime lagar eg det sjeldan. Jubelen står ikkje i taket her heller. For meg kjem den i kategorien «av og til – mat».

Leave a Reply