Billig mat, Middag
Comments 5

Trettenåringsfavoritten

Trettenåringen min veljer steikt ris til middag viss ho kan plukke frå øvste hylle. Eg syns også det er godt, og det er lettvint å lage. I dag var vi fem til bords, bestemor kom frå Sunnmøre og skal vidare til Nord-Norge med våre to på vinterferie.

Man tager hvad man haver er eit gamalt prinsipp, og i dag hadde eg det slik. Middag utan å handle er det beste eg veit, så når eg kan opne kjøleskapet og finne det eg treng blir eg lukkeleg. Eg var skeptisk til beholdninga, men jammen hadde eg ikkje seks slag grønsaker når eg telte over.

Til gulrota brukte eg det geniale julienne-jernet mitt, det strimlar så fint og jamnt at det ser ut som om ein proff har kutta. På kålen brukte eg ostehøvel, det gjer at strimlane vert veldig tynne, og dermed fort møre i woken.

Steikt ris er økonomisk mat og, det går lite kjøt, og får ein ein ekstra til bords er det berre å koke litt meir ris og vippe oppi. I denne varianten brukte eg bacon, men alle typar kjøt kan brukast i steikt ris. Kutt kjøtet smått, det skal berre vere småbitar i woken, og dei skal vere godt fordelt. Slik gjorde eg det:

Steikt ris

4 dl ris

8 dl vatn

1 ts salt

5 sjampinjongar

1 gulrot

Ein liten løk

Ein kålskalk

Ein halv paprika

Ein selleristilk

200 g bacon, finkutta

2 ts five-spice-krydder

2 ts hakka ingefær

3 fedd kvitløk

2 ss søt chilisaus

Olje til steiking

Kok opp vatn til risen, og ha i salt. Ha i risen og rør medan den kokar opp. Legg på lok, og still plata på ca. 1/3 effekt. Rens alle grønsakene, og finsnitt dei. Varm opp oljen i woken, du må ha største plata på full fres. Ha i bacon, og la det steike til det er gjennomsteikt, men ikkje brunt. Ha i soppen, og fres den. Skrell og finhakk ingefær og kvitløk, og ha det i saman med five-spice-krydder. Ha i resten av grønsakene, og fres til dei er møre.

Ha i risen skei for skei, og vend den inn litt etter litt. Når all risen er i woken er det heile klart til servering. Server med soyasaus og eventuelt litt meir chilisaus til for dei tøffe.

This entry was posted in: Billig mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Den skal jeg sannelig prøve i kveld. Fredagsmenyen trenger nye innspill, takk-takk!

  2. Denne varianten skal jeg prøve! Men hva slags ris bruker du? Synes ofte at retten kan bli litt for «klissete» med f.eks. jasminris…

  3. Her brukte eg basmati. Koketeknikken er viktig. Kok opp salta vatn, og rør i risen til det kokar igjen. På med lokk, låg effekt og ca 12 minutt. Det er mogeleg at basmati oppfører seg litt tørrare enn jasmin gjer.

  4. Pingback: Heilt alminneleg torsdagsmat « Alt godt

Leave a Reply