Billig mat, Middag
Comments 7

Brennande kjærleik

Eg manar den fram, den brennande kjærleiken, og vonar den vil velte inn over livet mitt. Inntil det skjer på ordentleg må eg ordne meg på anna vis.

Brennande kjærleik er det tradisjonelle namnet for ein rett med potetmos, steikt flesk og løk. Eg har utvida min litt med nokre sunne grønsaker, og eg hadde også litt sopp i kjøleskapet. Den passa perfekt til. Slik situasjonen er no for tida så er denne oppskrifta berre for ein. Det blir nok nokre slike no framover. 😉 Slik gjorde eg det:

Brennande kjærleik

5 mandelpoteter eller tre vanlege

2 ss smør

1 dl mjølk

Salt og peppar

100 g bacon

5-6 sjampinjongar

1 liten løk

ein neve sukkererter

10 cherrytomatar

Steik baconet sakte på middels varme i ei steikepanne. På denne måten slepper baconet mest mogeleg feitt. Skrell løken, og del den i båtar. Rens soppen, og skjer den i terningar. La sopp og løk surre i baconfeittet til det har fått fin farge.

Varm mjølka i ein kjele. Eg hadde ferdigkokte poteter frå ein tidlegare middag. Då går det utruleg mykje fortare. Ha smøret i mjølka og la det smelte. Bruk ei potetpresse og press potetene oppi den varme mjølka. Rør godt. Stappa tjuknar litt etter kvart. Smak til med salt og peppar.

Legg potetstappa på ein tallerken, og ha baconet over, gjerne delt i mindre bitar. Ha på sopp og løk, og dryss over snitta sukkererter og tomatar som du har delt i to.

This entry was posted in: Billig mat, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. kjersti70 says

    Du reddar meg igjen. Det skulle vere glutenfrie kyllingnuggets her i dag – eit lite eksperiment som eg har tru på, men trur du ikkje min bedre halvdel brukte opp alle egga til frokost. Medan eg sov (så då skal eg vel ikkje klage) (sånn sett kan det vere greit å vere aleine – då har ein i alle fall litt kontroll over kjøleskapet 😀 )

    Men det blir brennande kjærleik hos oss i dag – jenta på 6 elskar sopp, minsten på 4 elskar potetstappe. Sukkererter har vi ikkje, men tomater har vi ei full skål av. Dette trur eg blir veldig godt! Takker!

  2. Morsomt! Jeg lærte i min tidlige lage-middag-til-familien-fase en Brennende Kjærlighet-oppskrift med kjøttdeig, løk, poteter og epleterninger oppå potetmosen. Det var skrekkelig godt.

    Noe av det fineste i ettertid er jo at man kan variere dette i det uendelige 😉

  3. Elisabeth: Epleterningar! Det har eg ikkje prøvd. vart dei steikt og, eller var dei «rå»?

  4. Når alt annet var ferdigstekt i panna, ble eplebitene lagt oppå for å varmes. Når de var varme, men helst ikke hadde «skorpe» fra selve steikepanna, skulle alt legges oppå potetmosen.

    Min oppskrift foreskrev også at retten skulle lages i ildfast form. Så jeg stekte ferdig det som skulle i panna, deretter skrudde jeg panna ned til 2 (1 ble FOR svakt) og la eplene oppå resten i steikepanna, mens jeg laget potetmos fra pose (sorry!). Når potetmosen var ferdig, hadde jeg den nederst i forma, og deretter blandinga av epleterninger og annet oppå. Epleterningene var varme, men ikke stekt. Smaken gjorde seg godt, og røde epler var best 😉

    I oppskrifta var det forøvrig valgfritt hvorvidt man ville sette forma noen minutter i ovnen for gratinering (med ost øverst…) eller ikke.

  5. kjersti70 says

    Eg hugsar eit hefte eg fekk når eg var grøn student i 1990 i Bergen. Eg TRUR det var Studensamskipnaden som ga det ut, jammen ikkje sikker. Her var det «brennende kjærlighet», og der var det eple i 🙂

  6. kjersti70 says

    Gøymde å seie at dette blei godt! Ungane gafla i seg, og mannen åt resten til nattmat når han kom seint heim frå jobb. Skikkelig momsemat.

Leave a Reply