Billig mat, Fisk, Middag
Comments 3

Pappamiddag

I dag blir det pappamiddag, den er brakt i hus av pappa, og viss eg er heldig kjem han innom for å ete den og.

Eg fortalde om ekspressen som brakte fiskemat frå Ørsta Fiskemat austover før jul? Ein del av det som ikkje vart ete med ein gong vart putta i frysaren, og dette kosar eg meg med no.

Dagens middag er blandaball. Du kan bruke Heidi si oppskrift, eller du kan få tak i frå vestlandet – viss du ikkje bur der då. All ball vert endå betre når den vert steikt, så det gjorde eg med desse juvelane. Eg skar ballen i centimetertjukke skiver. Men først steikte eg ein liten dose bacon. Ballen fekk steike i baconfeittet. Den salte, røykte smaken er perfekt saman med den kvite fisken og potetene i ballen.

Eg serverer ballen med bacon og ein fin salat, her ser du grøn salat, tomat, fetaost og litt sitronsaft krysta over. Velbekomme!

This entry was posted in: Billig mat, Fisk, Middag

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Trine says

    Ball er så godt, altså. Jeg har prøvd å lage sjøl etter Heidi si oppskrift, og det ble bra, men ingen andre i husholdet likte det, så det er mye styr for at bare jeg sjøl skal spise. Derfor: Er det noen restauranter i Oslo som serverer ordentlig god ball?
    Forretningsforbindelser i Bergen vet at jeg liker ball godt, så de legger alltid møtene våre til torsdager så jeg kan spise ball til lunsj. Makan til flinke folk…

  2. Bondeheimen serverer potetball, og det er nok nokre andre og som gjer det. Er det ikkje rart at det er torsdag som er balldag? Husk at det går fint å fryse ball. Viss du lagar ei ladning så kan du legge to og to ballar i ziplock-posar og kose deg med steikt ball når dei andre er ute på farten. 😉

  3. Trine says

    Det hadde jeg ikke tenkt på, at jeg kunne fryse ball. Strålende idé!
    Men hvorfor er torsdag balldagen? I Sverige spiser/drikker man punsj og ärtsoppa på torsdager. Wikipedia: Att «ärtor med fläsk» blivit torsdagsmat i Sverige beror sannolikt på att fredagen under katolsk medeltid var fastedag.
    Kanskje det er det samme med ballen??

Leave a Reply