Grønt
Comments 12

Gerilja-haging

No for tida handlar alle småpotter med løkblomar, påskeliljer, muscari og krokus vert selt i hopetal frå blomsterbutikkar rundt omkring. Primula og juleroser får du også kjøpt i potter. På bildet ser du mine avblomstra tète a tète-påskeliljer, dei små du veit.

Difor vil eg slå eit slag for geriljahaging! Desse løkane og blomane er nemleg levedyktige i mange år framover. Dei må berre få kome i jorda.

Juleroser og primula må få kome i jorda så snart den er tint. Løkane treng du ikkje grave ned no med ein gong snøen går, legg dei heller i ein pose på ein mørk og kjøleg stad, typisk i kjellaren eller liknande. Når skulen har begynt etter sommarferien, og bjørkelauvet fell, grev du løkane ned i jorda. Har du ikkje hage, seier du? Løkane kan gravast ned utanfor oppgangen din, på eit jorde som ingen brukar til noko eller i ei veggrøft. Neste år spirer dei, og kjem med dei nydelegaste blomar. Lykke til med geriljahaginga!

This entry was posted in: Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

12 Comments

  1. Eg brukar alltid å grave ned dei små påskeliljene i hagen, og ingen andre påskeliljer er så fine når dei kjem att år etter år. Det einaste trasige med løkblomster er alle blada som vert ståande att……..

  2. Silje says

    Oi, så spennende. Men hvordan behandler man dem før man legger de i pose i kjelleren? Klipper av grønne blader og blomster eller bare fjerner potta og dytter hele greia i en pose?

    Hilsen hun som er helt fersk i faget, en n00b som det også kan kalles 😉

  3. Olaug: Ei eg kjenner flettar blada saman! Då tek dei ikkje så stor plass. Det går iallfall fint med påskeliljer, verre med tulipanar. Dei brukar eg å fjerne.

    Silje: Legg dei i ein pose, helst papir, med alt på. Det er ikkje nødvendig å klippe av, beheld du blomsten på huskar du kva det er til hausten. Det er ikkje så lett med «nakne» laukar… 😉

  4. Jeg er helt og fullstendig for geriljahaging!
    Og hvorfor nøye seg med blomsterløk? Strø ut noen frø, eller plant en rosebusk eller fem…. 😉

  5. Åhhh så stas. Jeg hadde ikke tenkt på Primulaene!
    De står i kjellern og ser slitne ut.
    Gleder meg til å finne et passende sted.
    De kan vel snart ut de nå?
    Tåler litt frost? Takk for tips!!

  6. Enirt says

    Jeg tok deg på ordet og kjøpte restlageret hos min lokale blomsterhandler: Fikk 10 potter små påskeliljer for en hundrings! Nå står de flott i «Selvaagtrauet» mitt, men til høsten skal jeg luske ned i Svartdalsparken og plante dem der.

  7. Geriljahaging er noe vi har vurdert her på Hjeltnes gartnarskule. Noen forslag til et slikt prosjekt som vil vekke POSITIV oppmerksomhet rundt skolen og hagebruk?

  8. Pingback: Kan eg berre få minne om… « Alt godt

  9. eva jæger says

    Har pinseliljer på grav hva gjør jeg når de er utblomstret .
    skal jeg knipe av den visne blomsten eller skal jeg bare la alt sammen visne. Næringen skal jo tilbake til løken.

    • Eg brukar å knekke av frøkapselen som står att når blomsteren har visna, resten får stå. 🙂

    • Ja, eg likar å gjere det, men du må ikkje. Det kan vere smådyr og andre uhumskheiter i potta som du ikkje vil ha i jorda. Dette er jo vekstar som kanskje er dyrka fram i utlandet, og eg syns det er tryggast å fjerne jorda.

Leave a Reply