Middag, Pasta, Sausar og dippar
Comments 3

Singelmiddag

Her er ein singelmiddag eg lagde i helga, og den vart så god at eg må berre dele den med dokke.

Eg tok ein pakke tortellini, og delte den i to. Så lagde eg ein deilig, krema saus av det eg hadde i kjøleskapet, litt kvitvin som vart kokt inn, smelta ost og litt rømmedressing. Det er dei raraste ting som kan bli ein god saus.

Toppingen er bacon og dampa sukkererter. Slik gjorde eg det:

Tortellini med bacon og ostesaus

1/2 pakke tortellini

1 dl kvitvin

1 dl buljong

50 g brie

50 g kremost med krydder

50 g riven kvitost

2 ss rømmedressing

100 g bacon

10 sukkererter

Damp sukkerertene i salta vatn i tre minutt. Hell av vatnet, avkjøl dei fort i kaldt vatn og set til side.

Kok tortellinien slik det står anvist på pakken.

Steik baconet i tørr panne til det er sprøtt.

Ha vin og buljong i ei gryte. La det koke inn litt. Ha i osten og rør godt medan den smeltar. Ha i rømmen og rør godt. Ha tortellinien i ei skål, slå over sausen og dryss på bacon. Snitt sukkerertene på skrå i passe store bitar, og ha på toppen. Server.

This entry was posted in: Middag, Pasta, Sausar og dippar

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. sol says

    Det ser veldig godt ut! Og dagane der ein er helt aleine er det jo ekstra fint å kunne nyte maten! (har aldri forstått dei som nedprioriterer måltida slike dagar, då er det jo ekstra viktig å prøve å ha det godt, og lite er bedre enn eit godt måltid.. 🙂

  2. Det så veldig, veldig godt ut! jeg lurer på om jeg kan be deg om et lite tips, det skal arrangeres fest her, emd femtitallstema. Problemet er meny, jeg klarer ikke for mitt bare liv å komme på noe riktig femtitallsaktig å servere. har du noen gode forslag? Jeg vurderer fiskepudding med reker og hvir saus i terteskjell til forrett, men derfra og ut er det blankt.

  3. *Liker*

    Høres og ser skikkelig snadder ut! Må prøves 🙂
    Riktig GOD PÅSKE!

    Hilsen Irén

Leave a Reply